TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Balestrand kommunestyre handsama skogsvegplanen

Balestrand kommunestyre handsama skogsvegplanen

Dette er ein god og godt gjennomarbeidd plan sa ordførar Harald Norvald Offerdal i Balestrand kommune då kommunestyret handsama hovudplan for skogsvegar i går. Etter kommunestyremøtet hadde skogbruksjef Jørgen Hundseth invitert til skogkveld

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 28.02.2014

Øverst; Frå skogkvelden i Balestrand etter kommunestyret si handsaming av hovudplan for skogsvegar i går.
Nederst; F.v. Norodd Baug frå Tresenteret på Kvamsøy, skogbruksjef Jørgen Hundseth og Trond Sundby frå Plan og Samfunnsavdelinga i Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Det vart ikkje dei store diskusjonane i kommunestyret i Balestrand dei i går handsama hovudplan for skogsvegar. Men ordførar Harald Norvald Offerdal sa at planen var viktig for kommunen og svært godt gjennomarbeidd.
Planen omfattar ca 20 km nye skogsbilvegar fordelt 13 veganlegg. Med dagens kroneverdi tilsvarar dette ei brutto investering kring 20 millionar kroner. Dei planlagde skogsvegane vil løyse ut om lag 15 000 dekar skog. Dette arealet vil produsere ca 170 000 kubikkmeter hogstmodent tømmer fram til år 2055 og ei total verdiskaping kring ein halv milliard kroner. Vegkostnaden utgjer berre 3-4 prosent av verdiskapinga. Her må leggast til at i denne kommunen er det ein god del lokal industri, først og fremst Sæle Sag med produkjson av pallar.

Skogbruksjef Jørgen Hundset hadde invitert til skogkveld etter kommunestyremøtet.
Trond Sundby frå Plan og Samfunnsavdelinga i Sogn og Fjordane Fylkeskommune heldt foredraget ; "Frå Skog til Produkt" og framheva trevirket sine gode eigenskapar og ikkje minst at arkitektur og byggeprosessar meir må leggje tilrette for låge klimagassutslepp og energibehov.
"Stat og kommune som plan -og bygningsstyresmakt må leggje tiltrette for langt meir bruk av  tre i bygg og anlegg» sa ein engasjert Sundby til forsamlinga.

Helge Kårstad orienterte om arbeidet i Kystskogbruket. Grunnpilaren i dette arbeidet er felles arbeid for felles mål; få skogbruk og skognæring meir på dagsorden, utvikle verdikjedetenkinga og ikkje minst satse på ein betre infrastruktur (skogsvegar, flaskehalser på offentlege vegar og tømmerkaier). Hovudplanen for skogsvegar er ein svært viktig del av dette !

Skogeigar Norodd Baug heldt ei interessant orintering i kommunetyremøtet om Tresenteret på Kvamsøy i Balestrand. Baug er på godt norsk ei "eldsjel" som står bak oppbygging av senteret. Han har m.a. utvikla eit godt samarbeid med arkitekthøgskulen i Bergen og årleg kjem studentar til Kvamsøy for å lære meir om ulike treslag til bruk i bygninger og ikkje minst bruk av verktøy for å skape dei ulike treprodukta. "Eldre materialforståelse og eldre tradisjonshandverk er viktig for forståelsen av vår oppbygde kulturarv, - i tillegg til at kunnskapen om dette kan brukast i vår tid" sa Baug til kommunastyret.
Les meir om Baug og Tresenteret på Kvamsøy på Norsk Kulturminnefond si nettside her; 
Tresenteret på Kvamsøy