TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Stor markering av skogsvegplaner

Stor markering av skogsvegplaner

Førstkomande torsdag set skogbruksjef Jørgen Hundseth i Balestrand skogsvegplanen i kommunen på dagsorden. Det startar med ei sak i kommunestyret og blir avslutta med skogkveld.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 24.02.2014

 
Sentrale planleggarar i fylket: F.v. Fylkesskomester Torkel Hofseth, skogbruksjef Jørgen Hundseth og tidlegare skogsjef Ola Nygård i Sogn og Fj. Skogeigarlag.

Skogbruksjef Jørgen Hundseth skriv i saksutgreiinga til kommunestyret;
"Hovudplanen skal vise skogbrukets trong for ein rasjonell og framtidsretta infrastruktur for å kunne løyse ut hogst- og produksjonspotensialet i kommunen. Planen skal også synliggjere konsekvensar for natur og miljø av  den planlagde vegbygginga.
Synliggjering av potensialet for verdiskaping er sentralt i planen, i tillegg til den positive klimagevinsten som følgjer av å drive eit aktivt skogbruk
".

Under skogkvelden vil Sogn og Fjordane Fylkeskommune v/ Trond Sundby orientere om temaet "Fra skog til produkt", undertegna vil fortelje om den store satsinga på infrastruktur i alle kystskogfylka som pågår i desse dagar. Til slutt vil Jørgen Hundseth orientere forsamlinga om skog, vegplaner og verdiskaping i kommunen.