TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Arbeidd med sagbruk sidan han var 15 år gammal

Arbeidd med sagbruk sidan han var 15 år gammal

Tor Einar Amdam på Sjøholt i Ørskog har lang fartstid på eige sagbruk. Nisjeproduksjonar har gitt gode resultat siste åra og Amdam deler gjerne erfaringar og idear med andre. Nedanfor kan du lese om ein "industriell ide" som Amdam har stor tru på.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 22.02.2014

Tor Einar Amdam ved sagbruket sitt på Sjøholt, og med utsikt innover Storfjorden

Nedrevoll Sag vart starta opp som andelsagbruk på Sjøholt før krigen og allereie som 15 åring var Tor Einar Amdam med far og bestefar sin på denne saga. I 1975 bygde Tor Einar eige sagbruk på heimgarden på Amdam som ligg svært vakkert til og med utsikt innover Storfjorden.

Produksjonen auka jamt og i 1
987 etablerte han dette som eige aktieselskap.

Amdam
Sag og Høvleri AS skjer og vidareforedlar idag ca 4000 kubikkmeter tømmer, det meste furuskog men også litt gran. Det er sysselsett 6 personar sagbruket som leverar kvalitetsvarer til alt frå innreiingar i restaurantar, via hamneanlegg og til restaurerieng av kyrkjebygg og verneverdige bygningar. M.a har det gått ein god del furumaterialar til restaureringsprosjekt i regi av Storfjordens Venner.
Tømmeret kom tidlegare frå dei frodige liene  ved Storfjorden, - i dag er skogen ved Storfjorden mykje verne og Amdam no køyre 15 mil  til Bjørkedalen i Volda kommune for å hente furua si. No er det også planer om å verne "olivenfurua" i Bjørkedalen sier Amdam oppgitt.

Den industrielle ideen:
Amdam meiner det kan etablerast mindre rasjonelle (robotstyrte) sagbruk som skjer og tørkar granskur i blokk. Med mindre meiner han her storleiksorden 20-40 000 kubikkmeter. For å halde transportkostnaden på eit minimum bør det etablerast 2-3 slike mindre "sagbruk" i Møre og Romsdal, kopla med ein felles salgssentral. Avfallet i denne første skuren (hunbord og flis) er relativt stor og slikt lågprisa avfallsvirke lønar det seg aldri å transportere noko særleg. Det må heller nyttast lokalt til produksjon av varme i bolighus/ kontorlokale el.l. seier Amdam. 
Ferdigtørka blokker kan seljast både innanlands og for eksport. Ei slik delvis foredling vil auke prisen betydeleg og tilsvarande lågare transportkostnader for lasta enn idag. Vidareforedling vil ofte løne seg nærmare kunden. Og slike blokksagbruk må liggje ved kai og i område med mykje kortreist gran, - eks. på Malo i Molde eller i Ørsta/ Volda avsluttar Amdam.