TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Nøkkelen til gode resultat

Nøkkelen til gode resultat

Godt planlagde skogsvegar, god driftsorganisering, hogst og utdrift med hjulgåande hogstmaskiner er nøkkelen til gode resultat i skogreisingskogen seier Erik Nesheim som har drive som skogsentreprenør i Hordaland i over 20 år.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 11.02.2014

Øverst; t.v. skogeigar Sjur K Jåstad på Jåstad i Ullensvang, Sørfjorden i bakkant, Jens Manger frå Nortømmer og Erik Nesheim, Nesheim Skogsmaskiner
Nederst; Drift med hjulgåande hogstmaskin like ved Utne. God skog, kort driftsveg og kort transport til tømmerkaia på Utne gjev skogeigar Thomas Hesthamar ein rimeleg god driftsnetto.

Ullensvang 11.02.14
Vi er i tjukkaste fruktbygdene i Hardanger.
På begge sidene langs Sørfjorden frå Utne/ Kinsarvik og innover mot Odda vart det planta svært mykje skog etter krigen ( sjå bildet øverst).
Ein av pionerande innan vegplanlegging i skogreisingskogen på Vestlandet var Nils Øvstedal frå Kinsarvik. Saman med fylkesskogforvaltninga i Hordaland var han ein sterk pådrivar for å få bygd skikkelege skogsvegar i Ullensvang frå tidleg 1980-talet, - m.a. i desse områda som bilda over viser.
Terrenget er jamt bratt og derav ein del taubaneterreng. Men skogsentreprenør Erik Nesheim frå Alsåker i Ullensvang med minst 20 års fartstid i skogen på Vestlandet framhevar at "med god planlegging av veg og drift kan svært mykje av tømmeret hentast ut med hjulgåande hogsmaskiner....og økonomien kan då bli svært god", - legg han til.
Hogstmaskina du ser ovanfor produserar gjennomsnittleg 100 kubikkmeter kvar dag i denne skogen. Og med kort veg til tømmerkaia på Utne og sjøtransport med Hagland Rederi til Moelven Granvin Bruk på andre sida av fjorden blir det lønsamt for alle parter, -  og ikkje minst stor lokal verdiskaping. Gjennomsnittleg salspris for tømmeret er i overkant av 300 kroner pr. kubikkmeter (kr/m3) og netto til skogeigar kan bli bortimot 200 kr/m3. Når det står 40-50 kubikkmeter pr. dekar kan nettoen til skogeigar bli bortimot 10 000 kroner pr. dekar. Dette er ei svært god forrenting av investert kapital på ein eigedom. Men dette krev produksjon av kvalitetsgran, tilrettelegging av effektive vegar (offentlege og private), hogst med hjulgåande driftsutstyr og effektiv tilkomst til tømmerkai !

Erik Nesheim har i dag 14 personar sysselsette i firmaet og har 2 hogstlag kontinuerleg gåande, for tida eit på Voss og eit i Ullensvang.
I tillegg disponerar firmaet 4 tømmerbilar som dagleg er i trafikk i alle vestlandsfylka, - frå Eigersund i sør til Kristiansund i nord.
"Det er også heilt nødvendig å få bygd meir skogsvegar, og det hastar"  sier Nesheim.
Ja i motsett fall vil økonomiein i denne flotte skogreisingskogen bli heller dårleg. "Det er nesten for ille når både kvalitet og produksjon kan bli noko med det beste i Europa" avsluttar Nesheim.