TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Kystskogbruket ynskjer sterkare satsing i 2015

Kystskogbruket ynskjer sterkare satsing i 2015

I 2013 har skogeigarane i kystskogfylka auka hogsten svært mykje. Kystskogbruket og Skognæringa Kyst oppmodar no regjeringa om å auke investeringsstøtta til skogsbilvegar med 50 millionar kroner og tilsvarande for tømmerkaier i 2015-budsjettet.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 03.02.2014

Moelven Van Severen i Namsos (bildet) er eit av dei største sagbruka i Norge og hentar tømmer frå Salten i nord til Møre og Romsdal i sør. Dagleg leiar Viggo Rasmussen seier at utbygging av ein rasjonell infrastruktur (skogsvegar og tømmerkaier) kan gi lågare transportkostnader og vil vere av stor betydning for kostnadsida i norsk skogindustri framover

Det blir stadig hogge meir tømmer i kystskogfylka. God kvalitet på tømmeret og stor interesse frå ulike kjøparar av tømmeret er gode nyheiter. 
Brei politisk støtte til skognæringa siste året og ein landbruksminister som har stilt seg positiv til meir skogsvegbygging er svært gledeleg. 
Kystskogbruket sitt sterke fokus  samarbeid om utfordringane i næringa har utvilsomt gitt resultat. Vegen vidare blir sentral.

Kystskogbruket
/ Skognæringa Kyst har i eit ferskt notat til nettverket i skognæringa skissert ein oversikt over status idag og behov for statleg investeringstøtte til skogsbilvegar og tømmerkaier i 2015. Eit kort samadrag følgjer her:

I 2014 er statleg investeringstøtte til skogsvegar i Norge totalt 99 millioner kroner, av dette går noko over halvdelen til kystskogfylka.
Det må byggjast meir skogsvegar i heile landet.
For 2015 bør statleg investeringsstøtte til skogsbilvegar minst doblast i kystskogfylka. Dette betyr ein auke på ca 50 millioner kroner for kystfylka.
Hovedplanarbeidet for skogsbilvegar i Kystskogbruket viser for fleire fylker eit framtidig behov for inntil ei 4-dobling av vegbygginga jamfør med dagens aktivitet i 20 år framover. Det er også skogsvegen som opner for auka hogst og videre verdiskaping.  Auken i investeringstøtte  til skogsbilvegar i statsbudsjettet 2014 opner for 170 flere sysselsatte i skognæringa berre i kystskogfylka. 

For 2015 bør regjeringa setje av ei statleg investeringsstøtte på minst  50 millionar kroner for videre utbygging av tømmerkaiar i kystskogfylka.
Dette vil vere ei naturlig opptrapping basert på søknader som allereie føreligg og ei forsvarlig framdrift for planlegging- og utbygging.
Søknader om statlig investeringstøtte til tømmerkaiar frå næringa  i 2013 viser at det er eit akutt behov for ei 4-dobling av investeringar for utbygging  av tømmerkaiar jamført med det som vart sett i gang i 2012 og 13 i kystskogfylka.


Notatet frå Kystskogbruket/ Skognæringa Kyst kan du lese her
 


Tekst og foto; Helge Kårstad (Mob; 48020261)