TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/FrP Hordaland med resolusjon om skogsbilvegar

FrP Hordaland med resolusjon om skogsbilvegar

Årsmøte i Hordaland FrP vart arrangert i fint vårveir i Bergen denne helga. Og i ein resolusjon blir Regjeringa oppmoda om å auke den statlege investeringstøtta til skogsvegar ytterlegare i 2015.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 02.02.2014

 
Resolusjon nr. 11 frå Hordaland FrP (bilde t.v.) vil ha sterkare satsing på skogsveibygging i 2015.
Sentrale personar på årsmøtet, f.v. ordførar i Os Terje Søviknes, forslagstillar Ove Frotvedt og stortingsrepresentant Gjermund Hagsesæter. Sistnemde er FrP sin toppkandidat frå Hordaland, er FrP sin finanspolitiske talsmann, sit m.a. i  Finanskomiteen og er inne i sin 4'de periode på Stortinget. 
 

Ove Frotvedt (Fanagro) kom med framlegg om resolusjonen i Os FrP sitt årsmøte som tok den vidare til årsmøtet i fylkelaget no i helga. Og resolusjonen hausta stor applaus blant over 100 delegatar frå Hordaland fylke.
Også ordførar i Os Terje Søviknes har fatta stor interesse for skog og skogbruk. Nyleg kjøpte kommuen skogeigedomen  Raudlien og Stokkeldal frå Statskog, - totalt ca 10 000 dekar skog- og utmarksområde. Føremålet med eigedomen er fleirbruk der skogsdrift og friluftsliv er sentralt.

I sin tale til årsmøtet framheva stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter regjeringa si satsing på skogsbilvegar i det reviderte statsbudsjettet for 2014. Og oppfatta at skognæringa i Hordaland og ikkje minst heile skogNorge prioriterte og stilte seg bak denne viktige satsinga for å auke verdiskapinga i skog- og skogindustri.

Resolusjonen som fekk stor tilslutning i fylkesårsmøtet viser til den store verdiskapinga som er skapt via skogreisinga i Hordaland etter krigen. Den store mangelen på skogsvegar står sentralt. Det er også vist til ferske planar for framtidige skogsvegar som viser trong for ei fleirdobling av vegbygginga i dei fleste kommunar i 20 år framover. På dette grunnlaget oppmodar Hordaland FrP regjeringa om å auke satsinga på skogsvegbygging ytterlegare i 2015.

Resolusjonen kan du lese her

Tekst; Helge Kårstad