TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Vil ikkje betale for å legge til kai

Vil ikkje betale for å legge til kai

Sjøtransport, hamner og kaier er blitt sentrale tema siste åra, - les berre om Hurtigruta som ikkje vil betale "anløpsavgift". Tilgang til gode hamner og med gode avtaler blir utvilsomt viktig for sjøtransporten av tømmer i Norge framover.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 30.01.2014

Mosjøen Virkesterminal vart opna 28 august 2012 og sikrar omsetning av skogsvirke over hamna (bildet) til akseptable kostnader i framtida.

grunnlag av ein fersk dom i Møre og Romsdal har Hurtigruta nyleg sendt brev til 20 hamner langs kysten og gjort det klart at dei ikkje vil betale "anløpsavgift". Dette har skapt harme fleire stader.
"Det er klart det har konsekvener hvis kundene nekter å betale. De kan ikke forvente at kaiene skal være gratis, det er ikke slik havnenorge er skrudd sammen" seier havnedirektør i Hammerfest Per Åge Hansen.
I oppslaget blir det vist til at den nye hamnelova er tydelig på at ein som bruker av hamn kan kreve innsyn i bruk av avtale, og at ein får dei tjenestene ein betaler for. Føremålet med den nye hamnelova var at det skulle bli enklere og billigere for brukarane å nytte seg av hamnene.
Les meir i oppslaget i Nordnytt her; http://www.nrk.no/nordnytt/vil-ikke-betale-for-a-legge-til-kai-1.11506763

Skognæringa langs kysten har etter kvart lang erfaring med mindre tømmerkaiar og andre større hamner. Etter at skipa har blitt større og krav til sikkerheit er skjerpa blir det også tydelegare at det følgjer driftskostnader ved kaidrift. Den tinglyste avtalen som er inngått mellom Tysfjord kommune og skogeigarane i Nord Salten er eit godt døme på at ein har teke høgde for alle desse utfordringane og prosessen har også vore gjennomført med ein stor grad av openheit.
Men det gjenstår svært mykje andre stader for å sikre ein framtidig kostnadseffektiv sjøtransport av skogsvirke.

 

Tekst og foto; Helge Kårstad