TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Skognæringa Kyst i Oslo

Skognæringa Kyst i Oslo

Denne veka var Skognæringa Kyst i Oslo og møtte nasjonale organisasjonar innafor skog- og trenæringa. Det vart også gjennomført eit møte med Kristeleg Folkeparti på Stortinget.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 30.09.2016

Skognæringa Kyst møtte også Kristeleg Folkeparti på Stortinget denne veka.
F.v. leiar i Skognæringa Kyst Jan Ivar Rødland, stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan, dagleg leiar i Skognæringa Kyst Kjersti Kinderås, logistikksjef ved Mm Karton Follafoss As Olav Vold og prosjektleiar i Kystskogbruket Helge Kårstad

På mange områder er det ei god utvikling innafor skog- og trenæringa i kystskogfylka. Likevel er det ein del utfordringar som vi trur best kan løysast i samarbeid med nasjonale organisasjonar innafor desse næringane.
Skognæringa Kyst deltok i møter med Treindustrien, Skogbrand, Norges Skogeierforbund, Norskog, Landbruksdirektoratet, Norges Bonde- og Småbrukarlag. Det vil også blir halde møter med andre organisasjonar seinare. Tema har vore Melding om Kystskogbruket, Infrastrukturprogrammet, fordeling av LUF-midlane, kystskogmidlane, statsbudsjettet og stortingsmelding om skogbruk.

Vi var glade for å få til eit møte med Kristeleg Folkeparti ved Hans Fredrik Grøvan frå Vest- Agder. Kristeleg Folkeparti var sentrale i 2015 for å auke løyvinga til tømmerkaier under budsjetthandsaminga av statsbudsjettet på Stortinget. Dette resulterte i at både Ørsta og Mandal nyleg har fått løyving til utbygging av tømmerkaiar.