TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Viktig distriktsnæring

Viktig distriktsnæring

"Skognæringa er ei viktig distriktsnæring i Norge" sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale då han opna Eidsnes nye tømmerkai i Lindås forrige veke. Han viste til at regjeringa hadde satsa mykje på å betre infrastrukturen i skogbruket og understreka at dette ville halde fram.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 18.09.2016

Øverst: F.v. fylkesvaraordfører i Hordaland Pål Kårbø, Helge Kårstad fra Kystskogbruket, leiar i Nordhordland Skogeigarlag Sigvard Hopland, landbruks- og matminister Jon Georg Dale, ordførar i Lindås Astrid Aarhus Byrknes og leiar i Skognæringa Kyst Jan Ivar Rødland.
Nederst: Det var folksamt under opninga av nye Eidsnes tømmerkai. Dette er no ein av dei største spesialbygde tømmerkaier i Norge med ei kaifront på 135 meter og eit bakareal (delvis opparbeidd) på totalt 60 dekar. Årleg vil inntil 80 000 kubikkmeter tømmer gå over kaia, - frå kommunane i Nordhordland med Bergen.

Over 100 personar og prestasjonsangst
Over 100 personar hadde møtt fram på Eidsnes nye tømmerkaia i Lindås då landbruks- og matminister Jon Georg Dala opna kaien tysdag 13. september. På ein av dei varmaste dagane i år vart ministeren ynskt velkommen av bunadskledde leier i Nordhordland Skogeigarlag Sigvard Hopland.
Deretter fekk Dale ei handsmidd øks av Hopland. For å opne den nye tømmerkaia måtte ministeren kutte eit tomme tjukt hampetau. «Prestasjonsangst» sa Dale før han drog til….. og tauet, - ja det rauk på første forsøket !

Regjeringa er positiv
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale understreka i sin tale at denne tømmerkaia er avgjerande for å kunne drive eit rasjonelt skogbruk i denne regionen. Skogbruk og skognæring er ei viktig distriktsnæring, og staten ynskjer å medverke for å betre rammevilkåra. Og viste til at regjeringa har prioritert å styrke infrastrukturen i skogbruket, - nettopp for auke konkurransekrafta til det norske tømmeret som skal ut i marknaden. Han skisserte til slutt eit eksempel som viser at tømmerkaier minskar tungtrafikken på vegane og er difor eit godt tiltak for å redusere klimagassutsleppa. Rundt rekna eit redusert dieselforbruk på 30 000 liter (80 000 kg CO2 utslepp) pr. 100 000 kubikkmeter tømmer.
Og Dale lova at regjeringa ville satse vidare på å støtte ei betring av infrastrukturen i skogbruket.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale uttrykte "prestasjonsangst",  men avfeia deretter all tvil framfor over 100 interesserte skogsfolk. Det eit tomme tjukke hampetauet rauk på første forsøk, og nye Eidsnes tømmerkai var dermed opna. 
Foto: Helge Kårstad

Lokal song og musikk skapte stemning
Sangaren Kjersti Wiik assistert på keyboard av musikaren Trond Fykse overraska deretter forsamlinga med melodiane «Gjev meg jorda til bustad» etter Sandsdalen/ Medaas, «Tømmerhoggarvisa» etter Kiran/ Medaas, «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta» etter Låstad Lygre/ Tveit og til slutt «Husmannsvise» som ein folketone etter Per Hundvin frå Lindås. Kort sagt svært stemningsfullt og glimrande framført !

Kjersti Wiik og Trond Fykse skapte stemning med lokal folkemusikk under opninga.

Mange helsingar
Det vart så bore fram mange helsingar: Først ute var fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF), detter ordførar Astrid Aarhus Byrknes, leiar i Skognæringa Kyst Jan Ivar Rødland, ass. landbruksdirektør Dirk Kohlmann, adm. direktør i Treindustrien Heidi Finstad, Myklebusthaug Rederi v/ Torbjørn Storesletten, leiar i Hordaland Skognæringsforum Vidar Jørdre, FanAgro v/ Ove Frotvedt, Nortømmer v/ Jens Manger, Norges Bondelag v/ Frøydis Haugen, leiar i fylkesmannsgruppa i Kystskogbruket Merete Larsmon, Fusa kommune v/ Helge Ådland og Vestskog v/ Åsta Midtbø.

Åsta Midtbø frå Tysnes i Hordaland sit i styret i Vestskog. Ho avslutta helsingane og minna samtidig om alle skogeigarane som kvar dag dreg nytte av desse viktige kai-investeringane. Og ho understreka at det enno gjenstår ein god del arbeid. Berre i Vestskog sin region (Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane) trengs det rimleg raskt å investere mellom 70 og 90 millionar kroner i nybygg og utviding av tømmerkaiar.
Foto: Helge Kårstad

God mediadeking
Vestlandsrevyen, sjå innslag nr. 6 av totalt 12 denne dagen. 
https://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-vestlandsrevyen/DKHO99091316/13-09-2016#t=9m50s
Bergens Tidende, sjå side 1 og side 2
Avisa Nordhordland, sjå her
Avisa Strilen, sjå her
Pressemelding fra Treindustrien her