TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Sikrar skogeigarane ein langvarig bruksrett til kai

Sikrar skogeigarane ein langvarig bruksrett til kai

Tysfjord kommune fekk rett før helga tinglyst ein framtidieg bruksrett til kaia på Drag for skogeigarane i Nord Salten. Prinsippet som no er på plass er svært viktig og vil bli gjort gjeldane for alle tømmerkaier som mottek statstilskot seier Torleif Terum i Statens Landbruksforvaltning.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 18.01.2014

Ei ny fleirbrukskai vart opna på Drag i Tysfjord 28 oktober 2013 (bilde frå juli 2013).
Tysfjord kommune er eigar av kaien og har nyleg fått godkjent ei tinglysing som sikrar skogeigarane i Nord Salten ein framtidig prioritert bruksrett.
Aktuelle kjøparar/ selgarar av skogsvirke i denne regionen vil på lik linje og for "alltid" kunne nytte denne retten (I dag gjeld dette f.eks. Allskog, Neg Skog, Nortømmer og SB-Skog)

Fleirbrukskaia på Drag i Tysjord som vart opna sist haust har på mange måtar vore eit pilotprosjekt, også når det gjeld rettigheiter.
Tysfjord kommuen godkjende for ca 1 år sidan ein avtale som sikrar skogeigarane i Nord Salten ein prioritert bruksrett til kaia på Drag i minst 25 år. I tillegg til sjølve bruksretten omhandlar avtalen drift av kaien og kostnader knytta til leige. Det er presisert i avtalen at ved fastsetjng av framtidige kaileiger skal det takast omsyn til at staten har løyvd pengar til investeringa for å tilrettelegge for rimelegare sjøtransport av skogsvirke. Kommunestyret godkjende også at avtalen skulle tinglysast som ein bruksrett til skogeigarane.
Tinglysinga ved Statens Kartverk avslo i første omgang å tinglyse avtalen om bruksrett som var omsøkt av Tysfjord kommune. Etter ein grundigare gjennomgang av realitetane i saka kunne Tinglysinga så godkjenne at Tysfjord kommune gir "ein slik langsiktig og prioritert bruksrett " til ei gruppe, - i dette tilfellet definert som skogeigarane i Nord Salten, dvs. kommunene Tysfjord, Hamarøy og Steigen.
Det er i i oversendelsesbrevet frå kommunen til Tinglysinga vist til at skogeigaran i Nord Salten normalet vil engasjere dei til ein kvar tid eksisterande kjøparar/ selgarar av skogsvirke og at skogsvirket då normalt vil bli transportert over kaia. Det er også vist til at i dag er desse f.eks. Allskog, Neg Skog, SB-skog og Nortømmer.

Avtalen som no er tinglyst er svært viktig. For det første sikrar den at skogsvirke kan gå over kaia, alle kjøparar/ selgarar er likestilt og kaileiga skal stå i forhold til at at det er gjeve statlege tilskot med føremål omsetning av skogsvirke. Tinglysinga sikrar også bruksretten uansett kven som i framtida blir eigar av kaien.
Seniorrådgiver Torleif Terum i Statens Landbruksforvaltning er svært glad for at dette no er godkjent tinglyst for kaia i Tysfjord og seier at det no blir viktig å få på plass liknande tinglyste avtaler på alle kaier som mottek statstilskot med føremål omsetning av skogsvirke. 
 

Tekst og foto; Helge Kårstad (48020261)