TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Søndenåneset tømmerkai ferdigstilt

Søndenåneset tømmerkai ferdigstilt

Denne veka vart Søndenåneset tømmerkai i Vindafjord kommune i Rogaland ferdigstilt. Det er entreprenørfirma Byggservice AS frå Kvinnherad i Hordaland som har utført arbeidet og kostnadsramma er ca. 10 millionar kroner. Investeringa vil betre logistikk og føre til reduserte transportkostnader.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 03.09.2016

Øverst: Nye Søndenåneset tømmerkai vart ferdigstilt 29.08.16. F.v Kjetil Andre Rødland (Vestskog), Inga Apeland (Vestskog), Kjell Rusten (Byggservice AS), Fred Nilsen (Byggservice AS) og Rasmus Stople (byggeleiar). Det er blitt eit flott anlegg og Byggservice AS har gjort ein svært god jobb. 
Nederst:
Utbygging og oppgraderinga ved Søndenåneset tømmerkai gjeld m.a. fleksible tømmerstøtter og sikker tilgang til landpullert (feste for trosser).
Alle foto: Helge Kårstad 

Gamlekaia vart for dårleg
Tømmerkaien på Søndenåneset vart opphaveleg bygd i 1990 av Rogaland Skogeigarlag som ein rein tømmerkai. Kaien ligg ved Vikedal søraust i Vindafjord kommune i Rogaland. Men svært kort kaifront (20 meter) har i alle år medført mykje for kort anleggsflate mot skipssida. Særleg i periodar med dårleg veir har ein ikkje kunne laste tømmer på sikkert vis og med stadig aukande tømmerkvantum har kaien ikkje vore tilfredstillande. I tillegg var baklager for lite og noko avskaling av betong og rust på armering under kaia.

Ein moderne tømmerkai for Vindafjord, Suldal, Sauda og Etne
Tømmerkaien er no utvida til ca. 50 meter kaifront, i tillegg er fronten flytta ut 3 meter og retning er noko justert slik at dei største båtane trygt kan leggje til. Den gamle kaidelen er rehabilitert, bakareal er utvida til ca. 1,5 dekar og sluttresultatet er ein moderne tømmerkai som vil tjene skogbruket i heile dekningsområdet Vindafjord, Suldal, Sauda og Etne .

Betre logistikk og reduserte terminalkostnader.
Oppgraderinga av tømmerkaia fører til at skip kan laste tømmer uansett veirtilhøve, i tillegg vil sikker fortøying føre til at ein også kan sluttlaste skipa ved Søndenåneset. Lengre kaifront og bruk av fleksible støtter på 6 meter lengde fører til reduserte terminalkostnader kring 15 kroner pr. kubikkmeter. Det er venta at framtidig tømmerkvantum over kaia vil vere årleg inntil 30 000 kubikkmeter. Dette vil seie at investeringa vil utgjere årlege sparte terminalkostnader (del av transportkostnad) på minst ein halv million kroner.

"No eller aldri"
Totalkostnaden er noko i underkant av 10 millionar kroner og det er gitt statleg løyving på ca. 70%.
Vindafjord kommune har løyvd 600.000 kroner og Suldal kommune 400.000 kroner, og dette har betydd svært mykje for at investeringa kunne gjennomførast. «Sjølv om eigendelen på 1,9 mill kroner er mykje for ei lita verksemd som Vestskog valde me å gjennomføra oppgraderinga fordi me meinte det ville vera no eller aldri me kunne få rehabilitert kaien» seier dagleg leiar Kjetil Andre Rødland i Vestskog.

Øverst: Eit første prøvelass er gjennomført. Legg merke til relativt stort bakareal (ca 1,5 dekar) og i tillegg god snuplass for vogntog. I bakgrunnen Vikedal i Vindafjord.
Nederst: Pullert på kai, lysarmatur innfesta i kai og fender av dumperdekk sikrar bruk av kaien heile døgnet, i all slags veir og for alle typar båtar for tømmerfrakt. 
Alle foto: Helge Kårstad