Tømmerkaia i trelastbyen
"Ei utbygging av Kiskaia i Namsos er viktig for skognæringa i Trøndelag, for kommunen og for byen Namsos som i praksis er bygd opp kring tømmer og trelast" seier Nils Hallvard Brørs, leiar for Namsos bydrift.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 14.01.2014
Fv. hamnesjef Kjell Morten Hågensen, rådgiver Håvard Vannebo og leder for Namsos bydrift Nils Hallvard Brørs. |
Namsos 14.01.14.
Kiskaia i Namsos var ein av søkjarane til Statens Landbruksforvaltning om investeringstilskot til tømmerkai i 2013 og søknaden/ skissa vart før jul prioritert for utarbeidng av fullstendig søknad.
I desse dagar pågår vidare planlegging av ei utbygging som er delt inn i 3 faser. I denne omgangen ynskjer eigaren Namsos kommune å utvide kaia frå 56 til 80 meter. Dette vil gi skogeigarane som soknar til kaia (hovudsakleg skogeigarane i Namdalen) ein framtidig prioritert rett til å nytte kaia, hovudsakleg til utskiping av massevirke og energivirke. Kaia vil også bli viktig for ein kostnadseffektiv logistikk av tømmer til Moelven Van Severen i Namsos som er kjøpar av tømmer i Trøndelag og Nordland. Sagbruket i Namsos er det nordlegaste i Norge og hentar for tida tømmer også frå kommunar nord for Saltfjellet, eksempelvis frå kaier i Fauske, Steigen og Tysfjord.
På eit møte i Namsos i dag vart det gitt ei orientering kring planane for Kiskaia og behovet for vidare avklaringar innan endeleg frist for søknad til Statens Landbruksforvaltning som er sett til 15 februar 2014.
"Ei utbygging av Kiskaia i Namsos er svært viktig for skognæringa i Trøndelag, for kommunen og for byen Namsos som i praksis er bygd opp kring tømmer og trelast" seier Nils Hallvard Brørs, leiar for Namsos bydrift.
Hamnesjef Kjell Morten Hågensen la stor vekt på at kommunen var innstilt på ei på positiv og aktiv oppfølgjing av prosjektet.
Tekst og foto; Helge Kårstad (48020261)