TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Troms fylke med stort behov for skogsbilvegar

Troms fylke med stort behov for skogsbilvegar

Hovudplanarbeidet for skogsbilvegar i Kystskogbruket har god framgang. Og alle skogkommunane i Troms fylke har no planlagt det framtidige behovet for skogsvegar og resultata syner store tal.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 17.12.2013

Troms fylke har no utarbeidd planar for framtidige skogsbilvegar og traktorvegar og resultata syner store tal.
Fylkesskogmeister Brynjar Jørgensen (t.h) sier at det også er stor interesse frå skogeigarar for å byggje skogsvegar og håpar å få engasjert ein vegplanleggjar i fylket for samordning, utstikking og detaljplanlegging av vegane.
T.v. entreprenør Kristian Karlsen i Målselv Skogsdrift.

Status ved årsskiftet er at 161 av totalt 210 kommunar i Kystskogbruket no har planlagt framtidige skogsbilvegar. Dei første hovudplanane (totalt 7 pr. idag) er også handsama politisk i kommunane ( kalla "temaplan") og vi veit at svært mange vil følgje ut nyåret.
Som vi før har vore inne syner resultata i fleire fylker eit behov for å 4-doble dagens aktivitet når det gjeld skogsbilvegbygging kvart år i 20 år framover. Dei gode resultata frå skogreisinga etter krigen er hovudgrunnen.
Det presierast at hovudplanar/ temaplanar er oversiktsplanar, ikkje juridisk bindane og at endeleg veglinje vil bli vurdert når skogeigar eventuelt ynskjer å byggje skogsvegen. Den enkelte skogsbilvegen såleis søkjast om godkjenneing av skogeigar vanleg vis, jfrlandbruksvegføreskrifta.
Vi vil også minne om at hovudplanar for skogsvegar har vore etterspurt i mange år også for å sikre gode miljøfaglege fellesveganlegg og å unngå å byggje unødige skogsvegar. 

Temaplanane som no er utarbeidd har fokusert den store verdiskapinga dette medfører lokalt, regionalt og nasjonalt. I Kvinnherad kommune som nyleg har handsama planen politisk vart det også vist til at det statlege investeringstilskotet (60%) til vegbygginga utgjer knapt 1% av den nasjonale verdiskapinga som hogst og verdiskaping av tømmer langs vegane vil utgjere.
Med andre ord er skogsvegbygging ei svært lønsam investering for både skogeigar, lokalsamfunn og nasjonalt føresett av mesteparten av virket blir foredla i landet.

Dei første kilometertala for framtidig behov for skogsbilvegar er no offisielle. I Rogaland er det eit planlagt behov 141 km, Hordaland 438 km, Sogn og Fjordane 600 km, Sør Trøndelag 630 km (inkl. ombygging), Nord Trøndelag 433 km (inkl. ombygging) og Troms 502 km.

Det er svært gledeleg at det no er politisk vilje til å satse meir  skogsvegbygging i Norge
Auken i statlege løyvingar for 2014 er kring 40% og dette er såleis ein god start. Men med eit behov i fleire fylker i Kystskogbruket kring ei 4-dobling av dagens aktivitet i 20 år framover ser vi at her gjenstår mykje arbeid.


Tekst og foto; Helge Kårstad (mob. 48020261)