TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Hagland Shipping fraktar stadig meir skogsvirke

Hagland Shipping fraktar stadig meir skogsvirke

I dag lesser lasteskipet Minerva frå Hagland Rederi tømmer i Granvin, søndag er båten i Åndalsnes for sluttlasing på veg til Norske Skog sin papirfabrikk i Skogn. Dette er berre eit av 8 skip i rederiet som jamt fraktar tømmer og flis i Nord-Europa.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 13.12.2013

Øverst; Frakteskipet Hagland Captain, eit av dei nyaste skipa, her fullasta med tømmer til industri.

Nederst; Lossing av tømmer frå Hagland Borg i Wismar, Tyskland

10 mai i år skreiv vi litt om sjøtransport og spesielt om Storesletten Rederi i Kopervik som ein av dei to store reiarane som fraktar skogsvirke langs norskekysten.
Den andre reiaren er Hagland Shipping frå Haugesund som i alt har 8 skip som går i frakt med tømmer og flis.

dag (13 desember) lesser f.eks. frakteskipet Minerva tømmer/ massevirke i Granvin, søndag lesser skipet i Åndalsnes og deretter vidare transport til Norske Skog i Skogn.
f.k søndag lesser frakteskipet Hagland Bona tømmer/ massevirke i Orkanger som også skal til Norske SkogSkogn. Frakteskipet Hagland Borg lasta i går (sluttlasta) skurtømmer frå Marvik Skog (lekter) i Suldal i Rogaland og er i dag veg til Tyskland. Og i Drammen har i dag lasteskipet Hagland Captain lesse opp tømmer med kursen for Tyskland. Dette er litt av kvardagen i Hagland Shipping. Sjå data for skipa her;http://www.hagland.com/shipping/hagland-shipping/fleet-list/  

Hagland Shipping vart etablert i 1983, og er ein del av Hagland-konsernet i Haugesund som har røter heilt tilbake til 1872. Selskapet opererar i dag ein flåte 11 sjølvllossende bulkskip, og driv industriell skipsfart i Nord-Europa. Skipa transporterar tømmer, treflis, sand, stein og andre bulklaster og er utstyrt med gravemaskin for effektiv og fleksibel lasting og lossing. Dei siste tilskota til flåten kom i fjor med dei nye skipa Hagland Captain og Hagland Chief som blir drive frå Nederland (teknisk og mannskap), men Hagland Shipping har det daglege operatøransvaret.

Kjell Ivar Rein i Hagland sier at selskapet har kontrakter for transport av skogsvirke for skogeigarar og bedrifter innen treindustri i heile  Nord-Europa og har i dag ein kapasitet kring 2 millionar kubikkmeter tømmer og flis. Når det gjeld transportert volum i 2012 utgjorde frakt av tømmer og flis ca. 1 mill. m3  og det er venta ein auke både i år og for neste år.
Hagland Shipping seier til slutt; «Vi har stor tro en positiv utvikling for tømmertransporten i årene som kommer, og deltar aktivt i diskusjonene  om utvikling av infrastruktur og andre regler som kan bidra til å flytte transporten fra vei til sjø».


Tekst, Helge Kårstad
Foto;   Hagland Shipping