TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Namsos, Molde og Lindås prioriterte tømmerkaier i kystskogfylka

Namsos, Molde og Lindås prioriterte tømmerkaier i kystskogfylka

Innan fristen 15 oktober kom det inn 19 søknader til Statens Landbruksforvaltning om tilskot til tømmerkaier. Desse har eit samla investeringsbehov kring 370 millionar kroner. 5 av søknadane har no fått positiv tilbakemelding,av desse er Namsos, Molde og Lindås frå kystskogfylka.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 04.12.2013

Øverst; Sentrale aktørar på Kiskaia i Namsos, fv. Kjersti Kinderås (Skognæringa Kyst), Jo Flaat (Moelven Van Severen) og Håvard Vannebo (Namsos Kommune)

Under; Sentrale aktørar på Malo, fv. Kristian Bergheim (tidlegare fylkesskogmeister), Kåre Kristen Totlund (Fylkesmannen i Møre og Romsdal) og Ivar Melkild (Allskog) 

Kiskaia i Namsos er kommunal og kommunen ynskjer med den planlagde investeringa kring 10 millionar kroner å tilrettelege for leveranser av tømmer.
Kaia er bygd i 1972, er 56 meter lang og målet er no å forlenge kaifronten til 80 meter lengde.
I tillegg er det planlagt opprusting av bakareal og asfatering av deler av området.

Malo Holding AS har er eigar av ein eldre kaiterminal (tidlegare Malo Sagbruk) like ved Molde og har søkt om opprusting av kaiarael og bakareal, - totalt er det planlagt ei investering kring 6 millionar kroner. Både i Namsos og Molde er planane relativt konkrete og arbeidet kan såleis setjast igang raskt og fullførast i god tid innan fristen som blir sett for bruk av tilskot.

Eidsnes i Lindås fekk ei delløyving i 2012 og er no prioritert for ei restløyving. Denne kaia er eigd av Nordhordland Skogeigarlag men skal på lik linje med alle som mottek statlege tilskot kunne disponerast av alle som omset tømmer.
I desse dagar pågår utlysing av ei utbygging av Eidsnes tømmerkai (forlengelse av kaifront) og det er ein føresetnad i utlysingspapira at anlegget skal byggjast i tre, - sannsynlegvis den første moderne industrikai i tre i Norge. Det gjenstår å sjå om tilboda ligg innafor akseptable grenser i høve muleg finansiering.
For alle tre prosjkta er det krav om endelege søknad med frist 15 februar 2014.

Sjå også info frå Statens Landbruksforvaltning her;

https://www.slf.dep.no/no/eiendom-og-skog/skogbruk/tilskudd-til-tommerkaier/slf-inviterer-fem-tommerkaiprosjekter-videre

Tekst og foto; Helge Kårstad