TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Har planlagt 8 km nye skogsvegar siste året

Har planlagt 8 km nye skogsvegar siste året

Skogbruksjef Kolbjørn Snekvik ved Nordre Sunnmøre Landbrukskontor har i mange år vore mykje engasjert i planlegging og tilrettelegging for meir skogsvegbygging. Siste året har han planlagt heile 8 km nye skogsvegar.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 30.11.2013

F.v. skogeigar Jan Steffen Listhaug og skogbruksjef Kolbjørn Snekvik.
I bakgrunnen Sjøholt og den nye skogsvegen til Gausnes.

Ørskog 29 nov. 2013.
Det er mykje skog og god skog i Møre og Romsdal.
"Fleire skogsvegar er nøkkelen for meir aktivitet i skogen" sier skogbruksjef Kolbjørn Snekvik og viser til at han siste året har planlagt heile 8 km nye skogsvegar. Saman med skogeigar Jan Steffen Listhaug besøkte vi i dag eit av dei siste vegbyggingprosjekta i Ørskog.
Listhaug er ein av 7 grunneigarar som har skog på Gausnes ved Sjøholt der Statnett har fått løyve til bygging av veg i samband med framføring av kraftlina Ørskog-Fardal. Vegen som er planlagd av skogbruksjef Snekvik er ferdig i desse dagar, den er 3.1 km lang og utløyser samtidig eit skog- og utmarksområde på ca 2000 dekar. Det er mest furuskog i området og det er svært gledeleg å oppleve at nettopp på Sjøholt fins eit topp moderne sagbruk i full drift; Amdam sag og høvleri. (sjå reportasje her seinare). Dette betyr at verdiskapinga lokalt er stor og skogsvegbygging gir følgjeleg raske effektar for både skogeigarar, vegbyggjar og lokal skogindustri.

Snekvik seier at interessa for skogsvegbygging er stor i regionen og han har fleire førespurnader frå skogeigarar om å planlegge nye skogsvegar.
I kommunane Stordal og Skodje har det siste året blitt hogge ca 10 000 kubikkmeter tømmer, - det meste av dette er granskog. Og nettopp i Stordal besøkte vi eit område like nord for sentrum (bildet under) der det står ca 15000 kubikkmeter grantømmer av svært god kvalitet. Terrenget i dette området er relativt bratt og utan veg inn i området er det reelt sett ikkje mogeleg å drive fram skogen.

Det er både gledeleg og motiverande å oppleve slik stor interesse for skogbruk, skogsvegbygging og skogforedling som i Ørskog, Stordal og Skodje. Det gir von om at verdiskapingsmåla i Kystskogmeldinga let seg oppnå. Meir skogsvegbygging og meir lokal foredling av skogsvirket kan bli nøkkelen til dette !

Tekst og foto; Helge Kårstad