Framstegsparti-statsråden satsar 10 millionar kroner ekstra på skogsbilvegar
Dette er ein glad dag for skogbruket!. "Meir skogsvegar er viktig for skogbruket og noko eg vil prioritere framover" seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug og legg inn ein auke allereie i statsbudsjettet for 2014 på 10 millionar kroner.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 08.11.2013
Regjeringa
Regjeringa gjer idag framlegg om å auke løyvinga til skogsvegar med 10 millionar kroner.
"Norsk skogbruk og skogindustri tel innpå 25.000 arbeidsplassar spreidd over heile landet. Det er ei næring som konkurrerar i den internasjonale marknaden. Den offentlege pengebruken er forsvinnande liten i høve til den store verdiskapinga næringa står for" poengterer Listhaug.
I pressemelding frå Landbruks- og matdepartementet som er sendt ut i dag blir det kommentert at Norge har den desidert lågaste skogsvegdekninga i Skandinavia. Dei beste områda i Norge har berre halvparten så mykje skogsvegar som i Sverige. Denne løyvinga skal også sjåast i samanheng med løyving til skogsvegar over Landbrukets utviklingsfond.
"Skogsvegbygginga i Norge ligg på eit historisk lågt nivå. Resultatet er at store skogsområde blir liggjande ubrukt. Meir skogsvegar er viktig for skogbruket og noko eg vil prioritere framover" seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.
Auken over statsbudsjettet på 10 millionar kroner er svært gledeleg også for Kystskogbruket. Ferske tal frå hovudplanarbeidet i kystskogfylka viser at det er behov for ei 4 - dobling av skogsvegbyggjinga dei neste 20 åra dersom ein skal kunne nyttigjere skogen etter skogreisinga.
Det er då desto endå meir gledeleg at Listhaug gir signal om at ho vil prioritere skogsvegar framover.
Vi vil leggje til at dette er noko mange har arbeidd for i mange år og det blir tilsvarande godt motteke. Ja det er nok ei heilstemt skognæring som ynskjer dette.
Til slutt vil vi legge til at omsynet til miljø og mangfald i skogen også er ei prioritert område i skogbruket og dette omsynet vil bli sterkt ivareteke ved ei auka skogsvegbygging i Kystskogbruket.
Les meir i pressemeldinga frå Landbruks- og matdepartemetet her; http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/pressesenter/pressemeldinger/2013/meir-til-skogvegar-og-innovasjon.html?id=745166
Tekst og foto; Helge Kårstad