"Vegplanen blir viktig for skog og miljø" seier ordførar Solbakken i Kvinnherad
Som første kommune i Hordaland handsama formannskapet i Kvinnherad hovudplanen for skogsbilvegar i dag. Formannskapet med ordføraren i spissen rosa planarbeidet som var gjort og framheva også fleirbruken av skogsbilvegane.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 07.11.2013
![]() |
Fv. Oddbjørn Helland frå fylkesmannen i Hordaland, vidare ordførar Synnøve Solbakken og skogbruksjef Terje Natland i Kvinnherad kommune |
Rosendal 7 nov.
Den rykande ferske hovudplanen for skogsbilvegar som vart lagt fram i formannskapet i dag viser at Kvinnherad kommune treng å byggje 46 kilometer nye skogsbilvegar dei neste 20 åra for å få fram tømmeret etter skogreisinga. Formannskapet rosa arbeidet som var gjort med planen og fleire understreka at denne type næringsutvikling treng samarbeid mellom grunneigarar for å få fram dei beste fellesløysingane. Ordørar Synnøve Solbakken kommenterte under saka at skogvegane også var viktige fleirbruksvegar og at stadig fleire i kommunen nytta skogsvegane som turvegar dersom dei vart tilrettelagde for det.
Hovudplanen i Kvinnherad er utarbeidd av skogbruksjef Terje Natland i samarbeid med planleggjar Oddbjørn Helland hos fylkesmannen i Hordaland. Helland bistår også dei andre kommunane i Hordaland og Rogaland som etter planen vil handsame tilsvarande vegplanar i løpet av dette og neste år.
Totalt fører desse vegane i Kvinnherad til utløysing av kring 600 000 kubikkmeter tømmer og vil gi ei nasjonal verdiskaping føresett dagens industrimottak regionalt og nasjonalt kring 2,5 milliardar kroner. Dette er store tal men utan vegbyggjing vil mykje at dette ikkje bli hogge.
Hovudplanarbeidet for skogsbilvegar har vore ei prioritert sak i Kystskogbruket.
Det pågår hovudplanarbeid i 210 kommunar langs kysten og Hordaland er blant fylka som er kome lengst i arbeidet.
Tekst og foto: Helge Kårstad