TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Vil investere 370 millioner kroner i tømmerkaier

Vil investere 370 millioner kroner i tømmerkaier

Kystskogbruket har sterkt fronta trongen for nye og utbetra tømmerkaier. Næringa har no verkeleg respondert ved å levere 19 søknader med eit samla investeringsbehov kring 370 millionar kroner til Statens Landbruksforvaltning.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 30.10.2013

Lenvik kommune i Troms er ein av søkjarane om statleg støtte i 2013.
I bakgrunn Finnfjord Smelteverk som nyttar flis i produksjonsprosessen av ferrosilitium og silica.

Kystskogbruket engasjerte i 2010 Sintef til å utgreie behovet for tømmerkaier langs kysten.
Sintef-rapporten som kom i 2011 gav sjøtransport i skogbruket ein ny dimensjon og resultat kom m.a. i revidert statsbudjsett i 2012. Totalt 5 prosjekt fekk då statleg støtte til utbygging, dvs. kommunane Mosjøen, Skodje, Kaupanger, Lindås og Mandal.
Over revidert statsbudjsett i 2013 vart det på nytt løyvd 30 millionar kroner til tømmerkaier og innan fristen 15 september hadde Statens Landbruksforvaltning motteke 19 søknader med eit totalt investeringsbehov kring 370 millionar kroner. Responsen frå næringa må seiast å ha vore både svært god og stor, og dette må få følgjer for det vidare arbeidet i Kystskogbruket.
Tilleggjast må at frå og med 2013 kan også søkjarar frå Austlandet få tilskot.
Søkjarane i 2013 er Drammen, Herre, Mandal, Farsund, Vindafjord, Granvin, Tysnes, Lindås, Fjaler, Flora, Ørsta, Sykkulven, Molde, Namsos, Stokmarknes, Sortland, Andøy,  Lenvik, Nordreisa.

Sjå videoklipp frå lessing av tømmer over Eidsnes kai i Lindås;
http://www.youtube.com/watch?v=PvECwtMVvHg

Les meir her;
https://www.slf.dep.no/no/eiendom-og-skog/skogbruk/tilskudd-til-tommerkaier/stort-behov-for-tommerkaier-19-sokere-til-slf

Tekst, video og foto; Helge Kårstad