TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/"Ei viktig fleirbrukskai" sa fylkesråd Arve Knutsen

"Ei viktig fleirbrukskai" sa fylkesråd Arve Knutsen

Drag industri - og tømmerkai vart opna i går 28 oktober. "Ei viktig tømmerkai og fleirbrukskai" sa fylkesråd for næring i Nordland Fylkeskommune Arve Knutsen som stod for den offisielle opninga av kaien.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 29.10.2013

Fv. ordførar Tor Asgeir Johansen, fylkesråd Arve Knutsen (med blinkøksa) og skogbruksansvarleg  Per Arve Rahka.

Foto; Ole Wiggo Nerva
Tekst og video; Helge Kårstad


Det var
stor interesse for kaiopning Drag i Tysfjord går og ordførar Tor Asgeir Johansen starta det heile med å ynskje alle velkomen til denne heilt spesielle hendinga.

Fylkesråd for næring i Nordland Arve Knutsen stod for den offisielle opninga og sa at dette var eit svært flott samarbeidsprosjekt som garantert vi gi vidare knoppskyting i regionen. Han la vekt på at det også ville bety reduserte transportkostnader for tømmer i ein region der tilveksten i skogane er stadig aukande på grunn av skogreisinga.
Asbjørn Bye fra den lokale (og internasjonele) bedrifta The Quartz Corp sa at tilgangen til denne djupvasskaien vil få stor betydning for bedrifta sine rammebetingelsar for konkurransekraft. Stig Winther i Norlines "lova" faste ruter til Drag føresett ein god logistikk og forutsigbarheit framover. Drag litt sentralt i leia og med denne kaia kan vi ta inn våre største skip" sa Winther.

"Eit pilotprosjekt for det etter kvart sterke fokuset på tømmerkaier og sjøtransport i skognæringa" sa Torleif Terum i Statens Landbruksforvaltning og kommenterte betydninga av å få til gode samarbeidsavtaler. Det same understreka undertegna representant for Kystskogbruket som nytta anledninga til å framheve at Tysfjord kommune har engasjert seg stort i å få framdrift i prosessen og har elles tilrettelagt prosjektet på ein svært god måte.
Til slutt fekk vi eit engasjerande skogfagleg innlegg frå skogbruksjef i Nord Salten Gjermund Laxaa som m.a viste til svært store kubikkmassar granskog i kommunane Steigen, Hamarøy og Tysfjord. Grunnlaget er lagt i skogreisinga og no er det opp til opp å bygge opp den infrastrukturen som gjer tømmeret vårt konkurransedyktig. Kaia på Drag blir sentral i dette sa Laxaa til slutt.
Sjå videokllipp frå opninga her; http://www.youtube.com/watch?v=YsM0RKyqLFE&feature=youtu.be

Sjå og klipp frå Avisa Nordland;  http://www.an.no/nyheter/article6952085.ece