TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Aukar med 50 millionar kroner

Aukar med 50 millionar kroner

Statsbudsjettet 2014; Regjeringa føreslår ein auke på 50 millionar til tiltak innafor skog- og tresektoren. Av dette er det sett av 20 millionar kroner til tømmerkaiar.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 14.10.2013

 
Malo Eiendom/ Malo Sagbruk AS ved Molde er ein av søkjarane til statstilskot til tømmerkai i 2013.
Foto; Helge Kårstad

Regjeringa føreslår ein auke 50 millionar til tiltak innafor skog- og tresektoren. Av dette er det sett av 20 millionar kroner til tømmerkaiar
    
Regjeringa meiner skogsektoren har store utfordringar. Låg økonomisk vekst, dårlegare konkurranseevne og avtakande etterspurnad gjer store omstillingsbehov. Regjeringa føreslår i budsjettet for 2014 ei vidareføring av tiltak for skog- og tresektoren som vart etablert bakgrunn av tiltakspakkane i revidert nasjonalbudsjett i 2012 og 2013.
Regjeringa meiner det er trong for fleire tømmerkaier. I kystregionen er det mange stader eit dårlegare offentleg vegnett for tømmertransport, og ei vidare satsing tømmerkaier er derfor eit viktig bidrag til auka hogst og betre avsetnad av tømmer. For 2014 er det foreslått ei løyving 20 millionar kroner til utbygging av kaier.   same måte er det også viktig med ei fortsatt satsing tømmerterminalar i tilknytning til jernbanenettet.
Det er også føreslege 5 millionar kroner til Innovasjon Noregs Bioraffineringsprogram, som arbeider for at fleire norske bedrifter skal kunne ta marknadsposisjonar innan prosessering av fornybare bioråvarer.
Regjeringa vil utarbeide ein strategi for å styrke konkurranseevna i skogbruket, Skog 22. Den skal femne om forsking, utvikling, innovasjon og kunnskapsformidling i tillegg til andre verkemiddel og tiltak som er viktige for næringa si konkurranseevne. Strategien skal medverke til å realisere verdiskapingspotensialet i skogsektoren og til utvikling av ein meir bærekraftig økonomiDet er nedsett ei gruppe som skal legge fram strategien i løpet av 2014.
" Skognæringa har store strukturelle omstillingsbehov. Dei tradisjonelle papp- og papirprodukta møter sterk konkurranse, og vi finne nye produkt. Ved å satse tungt dette arbeidet, reknar eg med gode resultat"  seier landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum

Les om forslag til Statsbudsjetthttp://www.statsbudsjettet.no/dokumenter/gulbok.pdf
Les om LMD sin budsjettproposisjon:  http://www.statsbudsjettet.no/dokumenter/lmd.pdf