Sikrar gode skog- og miljøfaglege skogsvegplaner
Hovudplanar for skogsbilvegar har vore etterspurt i fleire tiår frå skog- og miljøfaglig hald i norsk skogbruk. Dei siste åra har Kystskogbruket sett fart på dette viktige arbeidet og resultata tikker no inn.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 10.10.2013
![]() |
Kvinnherad kommune er første kommunen i Hordaland og legg fram hovudplanan for skogsvegar til politisk handsaming 7 november. Fylkesskogmeister Tor Loftur Jonsson (bildet med Rosendal i Kvinnherad i bakgrunnen) har saman med skogbruksjef Terje Natland og hovudplanleggar Oddbjørn Helland vore sentrale i arbeidet. |
Tekst og foto; Helge Kårstad
150 kommunar (70% av alle kystskogkommunane) har pr. i dag planlagt det framtidige behovet for skogsbilvegar. Arbeidet pågår kontinuerleg og det er venta at alle 210 skogkommunane langs kysten vil ha gjennomført jobben i løpet av 2014. Sjølv om ikke alle tala er offisielle enda viser foreløpige resultat i fylka Hordaland og Sogn og Fjordane eit behov for å 4 - doble dagens aktivitet når det gjeld skogsbilvegbygging kvart år i 20 år framover.
Dei same kommunane har også registrert og identifisert alle eksisterande skogsbilvegar. Desse data legg Kartverket no inn i en nasjonal veidatabank (NVDB) for videre kommersiell produksjon av kart, sjå vedlagde tabell her
I løpet av 2013 og 14 vil dette plangrunnlaget for framtidige skogsbilvegar bli presentert for næringsutval og/ eller kommunestyrer i totalt 210 kystskogkommunar.
Først ute i Hordaland fylke er Kvinnherad kommune som vil presentere ein slik temaplan for kommunestyret 7. november. Temaplanen fokuserar på eit stort vegbyggingsbehov i kommunen på grunn av svært mykje hogstmoden gran frå skogreisingstida. Planen tek også opp verdiskapinga dette fører til både lokalt (m.a. for skogeigarar) og regionalt (m.a for Moelven Granvin Bruk i Hordaland).
Arbeidet med temaplanen er utført av skogbruksjef med bistand frå fylkesmannnen og sikrar såleis gode skog- og miljøfaglege løysingar. Oddbjørn Helland har vore sentral i dette arbeidet og bistår alle kommunane både i Rogaland og Hordaland. Planen omfattar også tema som friluftsliv og annan sekundær nytta av skogsbilvegane. Etter Kvinnherad følgjer Voss, Osterøy og Lindås kommune og vidare resterande kommunar i begge fylka.
Vi vil kome tilbake med fleire reportasjar frå desse kommunale møta og presentasjonane.