TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Dårlege kommunevegar på dagsorden i Etne

Dårlege kommunevegar på dagsorden i Etne

Det blir hogge mykje gran langs kysten i desse dagar, så også i Etne kommune i Hordaland. Men dårlege kommunevegar skapar store utfordringar. I dag samlast bygdefolk og politikarar i Etne for å prøve finne løysingar.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 03.10.2013

Nokre av deltakarane på møtet; fv. Jon Løyning (skogeigar), Svein Barkved (skogeigar), Tormod Jacobsen (vegplanleggar), Eivind Vik (skogeigar), Jon Magne Skår (skogeigar) og Annbjørg Bue (skogbruksjef)

Etne 03.10.13. Tekst og foto; Helge Kårstad

Det var sama mykje folk i kommunestyresalen i Etne i dag. Tema var samferdselspolitikk og næringsutvikling og fokus var skogsdrift og dårlege kommunevegar.

Ei undersøkjing frå 2002 viser at Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har det dårlegaste fylkes- og kommunevegnettet i landet, - dvs. ca 90% av dette vegnettet har flaskehalsar for tømmerbiltransporten. I praksis betyr dette høgare transportkostnader eller i verste fall at ein ikkje har lov å køyre tømmer i det heile. F.eks. er mange kommunevegar berre tillate for 6 tonn aksellast og max. 12,4 meter køyretøylengde og det betyr at ein ikkje har lov å køyre med vogntog. Og dette er umogelege krav  for dagens tømmerbilar.
Etter 2002 har likevel noko betra seg, men mange kommunar slit enno med slike dårlege vegar, også i Etne. Dette har m.a. resultert i krav frå kommunen om konsulentutgreiingar om vegtilstand før og etter hogst og garantiar i tilfelle noko skjer med vegen. Både Vestskog og Nortømmer har teke oppdrag i kommunen og har uttrykt vanskar med ei slik ordning. Dette har vore noko av bakgrunnen for at representantar for grunneigarane tok initiativ til dagens informasjon - og dialogmøte.

Det var ei svært positv forsamling med ordføraren i spissen som konkluderte med at dette må vi ta tak i og prøve finne løysingar.
Inga Apeland i Vestskog viste til erfaringar frå andre kommunar i Hordaland og poengterte at dagens fleiraksla vogntog slit mindre på vegen enn ein enkel lastebil, - dette skuldast både mindre akseltrykk under kvart hjul og færre tal turar.
Markus Junge frå Nortømmer kommenterte at ekstra kostnader alltid blir belasta tømmerstokken eller skogeigar, - det må såleis vere ei stor interesse i alle kommunar å tilretteleggje for denne type næring som summa summarum gir store nettoinntekter i kommunekassa.
Initiativtakar til møtet Eivind Vik fekk forsamlinga med seg på å opprette ei arbeidsgruppe som skal sjå nærare på kva som kan gjerast kring kommunevegane i Etne.
Underteikna vil på vegne av Kystskogbruket uttrykke glede over dette initiativet frå Etne som kan bli ein pilot kring utbetring av dårlege kommunevegar i heile Norge. Det er utan tvil ei brennheit sak !