TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Kvalitetstømmer frå granskogen på Voss

Kvalitetstømmer frå granskogen på Voss

Det er mykje god skog på Voss og hogsten har teke seg mykje opp siste åra. "Det er viktig for Moelven Granvin Bruk at vi kan kjøpe tømmer i nærområdet" sier dagleg leiar Truls Langhelle.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 12.09.2013

Far og son Liland (Anders t.v og Brynjulv t.h) ved eit av hogstfelta i skogen sin på Voss.
I desse felta er det svært god kvalitet, - 70% sagtømmer som går til bustadbygging i Bergensregioen.
Foto; Helge Kårstad

Voss 11.09.13.
Det seiest at "Verda er vid men Voss er vidare". Slik er det nok med skogen på Voss også, - du blir mektig imponert om du i desse tider legg vegen om Voss. Det er mykje frodig og frisk granskog å sjå i dei mange grendene og aktiviteten i skogane har teke seg stort opp dei siste åra, - det ser ein m.a.på alle hogstflatene.
Slik også på Liland som ligg vest for Vangsvatnet. I dag er det Brynjulv som styrer skogen men far Anders har i mange år vore aktiv både i eigen skog og i oppbygginga av skogeigarsamvirket og tømmermålinga på 70 og 80-talet. 
Siste året er det (via Nortømmer) hogge 4000 kubikkmeter gran hos Liland og skurdelen har vore svært høg, - kring 70 %. "Vi registrerar ei aukande interesse for hogst og stell av skogen på Voss" seier Brynjulv og viser til at det etter hogsten er planta 12000 granplanter og nye 20 000 planter er planlagt planta denne hausten på eigedomen hans. Både Liland og skogbruksleiar Jens Manger i Nortømmer rosar skogeigarane og skogforvaltninga i kommunen på Voss for langsiktig og godt arbeid for skogbruket. Dette arbeidet har teke mange tiår men idag ser ein verkeleg resultata (sjå og bilde frå Dagestad på sørsida av Vangsvatnet under).

Frå Voss er det berre 25 km til Moelven Granvin Bruk. Dagleg leiar Truls Langhelle seier at lokalt virke er eit stort konkurransefortrinn for bedrifta og han er også nøgd med den gode kvaliteten på grana. Langhelle legg også til at både Vestskog og Nortømmer sitt engasjement for å omsetje lokalt virke er avgjerande for bedrifta.
Moelven Granvin Bruk sin viktigaste marknad er i Bergen. Kystskogbruket er kjent med at det ein historisk stor byggjeaktivitet i Bergensregionen og m.a. kledningsbord frå sagbruket i Granvin er ettertrakta i bygningsbransjen.