Planlegg skogsbilvegar med Gamepad
Skogsveiprosjektet i Kystskogbruket har god framdrift. I dag og i går har sentrale personar innafor vegplanlegging i Kystskogbruket møtt Kartverket på Ringerike
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 10.09.2013
Fv. Oddbjørn Helland (Vestskog), Arne Sonflå (opplæringsansvarleg hos Kartverket), Ann Britt Aabakken (Kartverket) og Ivar Egil Gjøra (Fylkesmannen Møre og Romsdal) Foto; Helge Kårstad |
Skogsveiprosjektet i Kystskogbruket har som hovudmål å planlegge framtidige skogsbilvegar og bidra til å utarbeide "temaplaner" kring skogsvegar og verdiskaping for politisk handsaming i kommunae.
Eit viktig grunnlag er oppdatering/ kartfesting av alle skogsbilvegar i den Nasjonale veidatabasen hos Kartverket.
Kystskogbruket har i fleire år hatt eit svært godt samarbeid med Samferdselseksjonen ved Kartverket på Ringerike. Dei to siste dagane har sentrale planleggarar frå kystfylka utveksla erfaringar og lært nye forbetringar hos Kartverket.
For å spare tid og bidra til sikrare registrering av veilinjer i databasen fekk deltakarane tilpassa og nytte Gamepad (handkontroller). Kompetansen innan kartutvikling/ kartbruk og digitalisering er generelt svak på skogsida i kommunane kystfylka. Desto viktigare blir det å ta vare på og utvikle den kompetansen vi har i dag. Samarbeidet med Kartverket er nok nyttig for begge partar, - ikkje desto mindre både positivt og inspirerande.