Nortømmer vil ha meir skogsbilvegar på Vestlandet
Skog og Landskap avd. Bergen var i dag arena for eit møte mellom sentrale aktørar innafor skogsvegbygging. Nortømmer er relativt ny aktør som tømmerkjøpar i mange kommunar i kystskogfylka og uttrykkjer eit stort behov for nye skogsbilvegar
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 30.08.2013
![]() |
Skog og Landskap, Bergen 30.08.13. F.v. Jens Manger fra Nortømmer (kontor Voss), Lars Sehlie fra Nortømmer (Elverum), entreprenør Eirik Nesheim fra Nesheim Skogsmaskiner, Tormod Jacobsen fra Vestskog (vegplanlegger) og Ove Frotvedt fra Fanagro (vegplanlegging). Foto; Helge Kårstad |
Skog og Landskap avd. Bergen var i dag arena for eit møte mellom sentrale aktørar innafor skogsvegbygging og skogsdrift.
Nortømmer er relativt ny aktør som tømmerkjøpar i mange kommunar i kystskogfylka og uttrykkjer eit stort behov for skogsbilvegar.
"Arbeidet med hovudplaner er svært viktig og må frontast mot kommunar og i dialog med skogeigar. Men skogsmaskinene mine går kvar dag og vi merkar eit stort behov for ferdigstilte skogsbilvegar" seier skogentreprenør Eirik Nesheim som idag har 2 driftsapparat igang i Vestlandsfylka.
Lars Sehlie sit på hovedkontoret til Nortømmer på Elverum og er saman med Jens Manger etter kvart blitt mykje involvert i logistikk og virkeshandtering på Vestlandet. "Vi vil gjerne vere ein profesjonell aktør i marknaden her borte" seier Sehlie som også berømmer kvaliteten av granvirket; "Det er svært god kvalitet på granvirket, - det er vanleg med ein skurtømmerdel på kring 70 % på dei fleste skogsdriftene som vi er involverte i".
Vegplanleggar Tormod Jacobsen og Ove Frotvedt peikar på at dei ferske hovudplanane for skogsbilvegar viser at det er behov for ei 4 dobling av skogsvegbygginga i Hordaland.
"Her trengs handling fort" samstemmer Jacobsen og Frotvedt.