TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Vil endre føreskrift for tømmertransport

Vil endre føreskrift for tømmertransport

Fylkestinget i Rogaland vedtok einstemmig at det må arbeidast for å endre ei føreskrift slik at det kan gjevast høve til dipensasjon ved transport av tømmmer på offentlege vegar. Det var Heidi Bjerga (SV) som fremja framlegget. Skognæringa i kystskogfylka støttar framlegget.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 27.06.2016

Ørjan Gangstø i Gangstø transport køyrer tømmer i både Rogaland og Hordaland. I dette tilfellet kippkøyrer han tømmer fram til ein tømmerkai på Stord. Lasset på enkel bil uten hengar veg ca. 10 tonn (14 kubikkmeter) fordi ein kommunal veg har godkjent lengde på berre 12,4 meter. Ein dispensasjon opptil 19,5 meter vogntoglengde hadde gått greit i dette tilfellet. Han kunne då kopla på tilhengaren og lessa bortimot 3 gongar så mykje og trafikkert vegen to gonger (t/r) istadenfor 6 gonger.
Fv. Gerd Inger Aarnes som er sekretær i Rogaland Skognæringsforum, vidare fylkespolitikar Heidi Bjerga (SV, Rogaland) og tømmerbilsjåfør Ørjan Gangstø.
Foto: Helge Kårstad

Eit einstemmig vedtak i fylkestinget
Infrastrukturprogrammet i kystskogfylka fokuserte m.a. på flaskehalsar på offentlege vegar.
Mykje kan skrivast opp utan store investeringar, men mange stader vil det ta fleire 10-år før vegane har tilfredstillande vogntoglengder/ bruksklassar. Tema har vore oppe på 8 fylkesvise møter frå Vest-Agder til Finnmark kring gjennomføring av Infrastrukturprogrammet denne våren. I Rogaland møtte mellom anna Heidi Bjerga (SV) og tok med seg signala til fylkestinget.
I møte i fylkestinget den 14. juni fremja Heidi Bjerga (SV) denne saka og fekk følgjande einstemmige vedtak: «Rogaland fylkeskommune ber om at det arbeides for forskriftsendring slik at det kan gis dispensasjon til transport av tømmer, jfr. Direktiv 96/53EF».

Dispensasjon skal ikkje vere nokon sovepute
Det er sjølvsagt viktig at skognæringa spelar inn framlegg til oppskrivingar i veglistene til vegmyndigheitene i fylke og kommune (endringar i veglistene skjer 2 ganger pr. år). Ein mulegheit for å få dispensasjon må sjølvsagt ikkje føre til at kommunar og fylkeskommunar vegrar seg for ei permanent oppskriving og/ eller opprusting.
Men pengesekken styrer også dette. Det er i dag dokumentert eit enormt etterslep på vedlikehald og utbetring av det kommunale- og fykeskommunale vegnettet i mange av kystskogfylka. Ja i fleire av desse fylka vil det ta fleire 10-år før viktige kommune- og fylkesvegar får høgare standard og kan permanent skrivast opp. Mange av desse vegane er viktige for tømmertransporten. Dette viser fleire utgreiingar som er gjennomførte siste 15-20 åra.

Ein muleg dispensasjon har betydning for både økonomi og miljø
Inntil at viktige vegar for tømmertransporten blir oppskrive og/ eller opprusta er det i mellomtida trong for hogst og transport av tømmer. Dette fører svært ofte til «kippkøyring», høgare transportkostnader for skogeigar (inntil 36 kr/m3), høgare utgifter for transportør, meir drivstofforbruk og meir slitasje på den offentlege vegen. Til slutt blir resultatet at dårleg økonomi for skogeigar tvingar fram avvikling av framtidig skogproduksjon i slike områder. Tilleggjast må også at for transportørane er kippkøyring som oftast ein ekstrakostnad som dei ikkje får dekka, - i tillegg er det ofte vanskeleg å finne legale stader å setje frå seg hengar medan ein kippkøyrer.
Når vi i tillegg veit at moderne tømmervogntog har relativt låge marktrykk og god sporing ville ein tidsavgrensa dispensasjonsmulegheit vere ei god løysing.

Kva seier så regelverket i dag ?
Arild Åsen fra Statens Vegvesen, Region Vest har ved fleire høve orientert skognæringa på Vestlandet om reglar og praksis kring vogntoglendger og bruksklassar på offentlege vegar og tømmertransporten knytt til dette (sjå og oppslag på denne nettstaden 17.02.16). Åsen viser til at eit EØS direktiv (Direktiv 96/53/EF) regulerer m.a. dei største tillate dimensjonar for køyretøy og vogntog både i nasjonal og internasjonal trafikk. Direktivet tillet berre overskriding av dei grenser direktivet sjølv set i nokre svært spesifikke tilfeller.
Eit av disse unntaka er transport med spesialvogntog når denne transporten er av ein slik art at den ikke føregår i konkurranse med internasjonal transport. Transport av tømmer er eit eksempel på slik transport. Så EØS-rettslig kan det spesielt tillatast innanlands transport av tømmer med større dimensjoner enn kva direktivet ellers tillet. Derfor er det blitt tillate større vogntoglengde for tømmertransport. - «Når direktivet åpnar for å kunne tillate større dimensjoner for tømmertransport, og det ikke strid mot våre EØS-rettslige forpliktelsar, burde vi då ikkje kunne tillate at det kan innvilgast dispensasjon for tømmer ? - spør Åsen.

Vedtaket i fylkestinget Rogaland har god ryggdeking i skognæringa langs kysten
Både Allskog, Vestskog, Nortømmer og SB Skog støttar vedtaket i Rogaland Fylkesting.
Frode Moen i Transportselskpet Nord organiserar det meste av tømmertransporten i Allskog sitt område (Møre og Romsdal til og med Finnmark) og seier at ein mulegheit for å søkje dispensasjon vil bety svært mykje i mange kommunar langs kysten. «For kippkøyring er noko ingen set pris på å utføre, - og det kostar pengar for alle partar, - både skogeigar, transporselskapet og ikkje minst vegeigar» legg Moen til.
Men alle presiserar at dette ikkje må bli noko sovepute for at viktige vegar blir skrive opp og/ eller opprusta. Først må ein føreta ei vurdering kring oppskriving/ opprusting. Dersom dette ikkje er muleg å gjere på rimeleg kort sikt og skog må hoggast, kan det bli aktuelt å søkje om dispensasjon frå gjeldane bruksklasse.

Skognæringa Kyst vil samordne det vidare arbeidet med denne saka.

Gangstø Transport er stasjonert i Vikebygd i Vindafjord kommune i Rogaland. Firmaet som tel ca. 20 tilsette har m.a. 5 tømmerbilar, derav eit vogntog med 4- aksla hengar. Dette utstyret krev 24 meters vogntoglengde, kan lesse totalt 60 tonn og er blitt vanleg på Austlandet og i Trøndelag. Men utstyret  kan ikkje nyttast på dei fleste kommunevegane på Vestlandet. Likevel, utstyret har eit lågt marktrykk og svært god sporing, - betre enn eks. ein semitrailer som i anleggstrafikk transporterar dei fleste kommunevegane på Vestlandet idag. Også for dette moderne vogntoget ville ein dispensasjonsmulegheit føre til at det kunne brukast meir i tømmertransporten og redusere såvel transportkostnader som vegslitasje og drivstofforbruk betydeleg.
Foto: Helge Kårstad