TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Mykje folk samla i Stavanger, Tromsø og Trondheim

Mykje folk samla i Stavanger, Tromsø og Trondheim

Tema "Virkesterminaler ved sjø" samla svært mykje folk både i Stavanger og Tromsø denne veka. Siste møte går i Trondheim mandag 26 august og totalt samlar desse temamøta kring 70 interesserte skog- og kaifolk.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 25.08.2013

Lenvik havn i Troms er aktuell søkjar om statstilskot i 2013.
Fra vestre havnesjef Arve Cruickshank i Lenvik og til høgre fylkesskogmester Brynjar Jørgenensen som deltok på møtet i Tromsø 22 august.
Foto Helge Kårstad

Det har vore ei svært stor interesse for å delta på møta med tema virkesterminaler ved sjø.
I Stavanger og 
Tromsø møtte det tilsaman kring 50 personar forrige veke og det siste møtet går i Trondheim i morgon, mandag 26 august.
Forutan kystskognæringa stiller Statens Landbruksforvaltning ved seniorrådgivar Torleif O. Terum og orienterar om staten si rolle og mulege deltaking i finansiering på grunnlag av regjeringa si tiltakspakke til skogbruket over revidert statsbudsjett i år. Søknadsfrist er 15 oktober.

Kystskogbruket oppmodar skognæringa saman med kommunar og fylke å få fram aktuelle søknader innan fristen denne hausten.
Kystfylka har manglande infrastruktur og transportkostnader for skogsvirke er for store.
Det er med stor glede vi har registrert aukande poltisk vilje til å satse på denne fornybare næringa og no er det også opp til oss å vise at vi vil satse.
Du er opent for alle og du er Velkommen til den siste samlinga i Trondheim i morgon, sjå vedlagde program