TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Målselv Skogsdrift; Ei moderne bedrift i ein tradisjonell marknad

Målselv Skogsdrift; Ei moderne bedrift i ein tradisjonell marknad

Moderne bedrifter må tilfredstille krav til berekraft og miljø. Målselv Skogsdrift er ei slik bedrift; basert på lokalt tilsette, nyttar lokalt råstoff og distribuerar dette til kundar lokalt og i Troms fylke.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 24.08.2013

Frå venster dagleg leiar Kristian Karlsen i Målselv Skogsdrift og til høgre  fylkesskogmester Brynjar Jørgensen i Troms. Foto; Helge Kårstad

Innan Kystskogbruket er Troms fylke mange måtar leiande innan bruk av bioenergi. Siste året har mange energikundar og særleg innan forsvaret satsa oppvarming ved hjelp av flis og ved.
Målselv kommune er største lauvtre-kommunen i landet ( i volum) og det er såleis ikkje utan grunn at det er stor interesse for denne fornybare energien.
Målselv Skogdrift er heimehøyrande i denne kommune og har sidan 2007 satsa friskt innan energi-marknaden. Dagleg leiar Kristian Karlsen kan fortelje at dei årleg avvirkar kring 10 000 kubikkmeter bjørk som går til ved og flis. I tilleg til vanleg driftsutstyr i skogen (hogstmaskin og lassbærar) har Karlsen investert i eigen tømmerbil for raskt å kunne forsyne kundane med bjørk.
"Vi har etablert faste kundar og m.a er ASVO bedrifter i fylket faste mottakarar av bjørkevirke som dei opparbeidar i vedsekker for vidare sal til lokale kundar" sier Karlsen. Og bjørka eignar seg svært godt til energivirke, - gjennomsnittsdimensjonen som Karlsen høgg er ca 120 liter og det går såleis i snitt 8 bjørketre på kubikken.
Karlsen er elles oppteken av at det skal sjå fint ut i skogen etter hogsten, ikkje minst opprydding på velteplassar og sletting av køyrespor. Han vil også gi honnør til skogfolka hos fylkesmannen, - her representert ved fylkesskogmester Brynjar Jørgensen. "Utan dei hadde vi ikkje kunne gjort dette" seier Karlsen  til slutt.

Vi vil understreke at nettopp slike bedrifter som Målselv Skogdrift er eksempel på den "berekraft" som Norge etterlyser meir og meir i næringslivet. Bedrifta er basert på lokalt tilsette, - dei nyttar lokalt råstoff, produserar fornybar energi og omset dette i den lokale marknaden.