Hamarøy kommune treng 85 km nye skogsvegar
8 mai handsama Hamarøy kommune hovudplanen for skogsvegar. Skogbruksjef Gjermund Laxaa seier at hogsten kan tidoblast i planperioden føresett at dei planlagde skogsvegane blir bygde.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 21.06.2013
![]() ![]() |
Skogen veks godt på Hamarøy og det trengs eit krafttak for å byggje vegar fram til skogareala. Foto; Gjermund Laxaa |
Skogbruksjef Gjermund Laxaa i Nord -Salten har på kort tid utarbeidd og fått kommunal tilslutning til hovudplan for skogsvegar i Steigen og no nyleg i Hamsund sitt rike i Hamarøy.
Hamarøy er ein stor skogkommune med 130 000 dekar produktivt skogareal og av dette er ca 24 000 dekar tilplanta med gran.
Det er planlagt 85 km nye skogsvegar til ein brutto kostnad av ca 20 millionar kroner.
Føresett vegbygging kan hogsten tidoblast i planperioden til årleg ca 30 000 kubikkmeter.
Sett i høve til nasjonal verdiskaping av hogsten utgjer denne veginvesteringa 4-5 % (redaksjonen sin merknad).
Vi vil understreke at dette er ein svært godt utarbeidd plan og det er ekstra gledeleg at skogbruksjefen opplyser at Tysfjord kommune er neste på lista. Det betyr at heile dekningsområdet til den nye tømmerkaien på Drag (Nord Salten) har fått utarbeidd og kommunalt handsama hovudplan for skogsvegar innan kaien kan takast i bruk ut på hausten.
![]() |
Skogbruksjef Gjermund Laxaa til venstre og skogansvarleg i Tysfjord kommune Per Arne Rahke, - her ved Hamsundsenteret i Hamarøy. Foto; Helge Kårstad |
Skogbruksjef Gjermund Laxaa i Nord -Salten har på kort tid utarbeidd og fått kommunal tilslutning til hovudplan for skogsvegar i Steigen og no nyleg i Hamsund sitt rike i Hamarøy,
Hamarøy er ein stor skogkommune med 130 000 dekar produktivt skogareal og av dette er ca 24000 dekar tilplanta med gran.