Dragterminalen i Tysfjord i rute
Også på tømmerkaia på Drag i Tysfjord går arbeidet for fullt og ferdigstilling er venta etter planen 16 september.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 03.06.2013
![]() |
![]() |
Øverst; Skogbruksansvarleg i Tysfjord kommune Per Arne Rahka Underst; Fundamentering for kaidekket påfår for fullt i desse dagar. Begge foto; Helge Kårstad |
På byggeplassen i Drag er det hektisk aktivitet for tida.
Byggeplassleiar Raymond Andreassen ved Øksnes entreprenør AS sier at arbeidet er i rute og ferdigstilling er venta som planlagt. Såvel sprengingsarbeidet (til djupne 9 m LAT) som pelinga har gått rimeleg greitt. Andreassen fortel at mesteparten av betong- og armeringsarbeidet er utført på elementbasis. Dette skjer ved entreprenøren sine lokaler på Myre i Vesterålen, under kontrollerte og tørre forhold. På denne måten unngår ein kontakt mellom betong/armering og saltvatn.
Skogbruksansvarleg Per Arne Rahka fortel at kommunen og bygda Drag set stor pris på at dette arbeidet har kome igang.
Han kommenterar også at namnet Drag (namneform frå år 1723) fortel om ei tid då havet gjekk høgare og ein "drog" båtar over eit eid frå Tysfjorden ved Drag og over til Innhavet ved Sagfjorden i Hamarøy. Dette sparte tid og var ein mykje tryggare ferselsveg.
Historia bekreftar at sjøtransport alltid har vore viktig og er det vel nettopp i dag.