TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Fraktar sjøveien; minst ein million kubikk med tømmer

Fraktar sjøveien; minst ein million kubikk med tømmer

Transport av tømmer frå skogane langs Norskekysten aukar jamt. The Hagland Group, Haugesund og Storesletten Rederi, Kopervik fraktar idag det meste. I to oppslag her på nettsida skal vi sjå litt nærmare på desse, - i dag tek vi føre oss Storesletten Rederi.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 10.05.2013

 

 MV Ingvild lesser tømmer på Eidsnes (Lindås) 9 mai i år. Foto; H Kårstad

Det var Per Storesletten, far til dagens reiar Torbjørn Storesletten som allereie i 1961 etalerte Storesletten rederi. I 1967 kjøpte Per fraktebåten MV Reina og transporterte massevirke frå Sør- og Veslandet til Hunsfoss fabrikker i Vennesla, - deretter kom MV Tone og MV Pioner som mange skogfolk enno hugsar godt.
I dag nyttar Storesletten frakteskipa MV Heidi og MV Ingvild (bildet) til tømmertransport.
MV Heidi er på 5630 dvt (totallast inkl. passasjerar og drivstoff), MV Ingvild er på 5200 dvt. Omsett til skogterminologi betyr det at MV Ingvil kan frakte 4400 fastkubikknmeter tømmer (ca 100 trailerlass).
MV Ingvild stikk 6,35 m under vatn og krev ca 7,5 meter djupne ved lågvatn. Dette er grunnen til kravet om minst 8 m djupne ved lågaste astronomiske tidevatn (LAT) når vi byggjer nye kaier.
Lastekrana har rekkevidde 12 meter (frå skutesida), - grabben tek ca 6 fastkubikkmeter tømmer i løftet og det tek 14-20 timar å lesse heile skipet med tømmer.
Storesletten fortel at i år fraktar han ca 250 000 kubikkmeter tømmer frå Norskekysten på kvart skip og dette har auka noko siste åra. Saman med Hagland Rederi (fraktar også flis) dreiar dette seg med andre ord seg om minst ein million kubikkmeter med tømmer. Mottakar er skogindustri i Norge, Sverige og Tyskland.
Han kommenterar også at både tømmerkaiane og logistikk kan bli betre og set pris på at det no ser ut som det kan investerast meir i desse viktige sjøterminalane. Meir sjøtransport er framtida seier Storesletten. 
Kystskogbruket vil understreke det gode og lange samarbeidet mellom Storesletten Rederi, Hagland Rederi og skognæringa langs kysten.   

 
 MV Heidi i Ørsta våren 2012. Foto; H Kårstad