TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Svært fornøgd med skogsdrifta

Svært fornøgd med skogsdrifta

"Eg er svært fornøgd med jobben som er gjort" seier skogeigar Atle Hordvik i Bergen. Siste vekene har Nortømmer drive fram 4400 kubikkmeter grantømmer på skogeigedomen til Hordvik.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 07.05.2013

 

Skogeigar Atle Hordvik (t.v) og Jens Manger i Nortømmer. Foto; H Kårstad

Vi er i Hordvik, - ein halvtimes køyretur frå Bergen sentrum.
Det var bestefar til Atle Hordvik som planta ca 400 dekar med gran for 50-60 år sidan, siste vekene er det hogge 4400 kubikkmeter i eit område av denne skogen.
Skoginterssa har Atle arva og han har allereie skrive kontrakt nye granplanter som skal i jorda til hausten. "Eg var overraska over kor greit dette gjekk og at eg faktisk sit igjen med ei bra fortjeneste" seier Hordvik og skryt over Jens og Nortømmer som han meiner har gjort ein svært god jobb, Det blir teke miljomsyn ved skogsdrifta og Hordvik viser til at folk lokalt (i eit svært bynært område) ser positivt hogsten og ikkje minst at landskapet "opnar seg".
Jens Manger i Nortømmer er tilsvarande godt fornøgd med mannskapet sitt og kommenterar dessutan kor viktig logistikken ved tømmerkaiane er blitt for den stadig aukande hogsten.
Alt tømmeret går over Eidsnes kai (sjå bildet under), - det  er trangt på kaia i dag og Manger rosar satsinga den planlagde utbygginga av kaifronten Eidsnes
Jens Manger viser også til betydninga av planlegging og bygging av gode tilkomstvegar til granfelta. I dette tilfelle taper ein ca 40 kr pr. kubikkmeter fordi eksisterande avkøyring frå den trafikkerte riksvegen ikkje er fullgod.
Konklusjon;
Historisk sterk satsing skogbruk, høge kubikkmassar, god kvaltitet og ein svært nøgd skogeigar.
Teknisk og miljømessig god planlegging, gode og godt planlagde vegtilkomstar og effektive tømmerkaier er og blir sentrale for lønsemda i skogsdriftene framover.
Vi er imponerte over slike gode eksempel som i Hordvik !
 

Eidsnes tømmerkai 2 mai, på kaifront og baklager ca 7000 kubikkmeter. Detter er hovudsakleg tømmer fra Vestskog BA men også tømmer frå Nortømmer og Atle Hordvik sin skog. Foto; H Kårstad