TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Framstegspartiet vil betre rammevilkåra for norsk skogbruk og treforedlingsindustri

Framstegspartiet vil betre rammevilkåra for norsk skogbruk og treforedlingsindustri

I eit rykande ferskt representantforsalg frå Framstegspartiet oppmodar dei Stortinget be Regjeringa i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2013 fremme forslag om å løyve 50 mill. kroner til infrastrukturtiltak i skogbruket.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 16.04.2013


Representantforslaget frå Framstegspartiet (Frp) som no ligg ute Stortinget si nettside er eit forslag for å betre rammevilkåra for norsk skogbruk og treforedlingsindustri.
I tillegg til at forsalget er heilt konkret kring ei løyving på 50 mill kroner over revidert nasjonalbudsjett 2013 til infrastruktur oppmodar den også Stortinget om å be Regjeringa fremme ei eiga skogmelding i løpet av 2013. Det er totalt 5 punkt i forslaget og politisk rådgjevar Kjell Tore Wirum i Frp kan opplyse at forslaget er handsama og godkjent av stortingsgruppa i Frp.
Kystskogbruket ser svært positivt dette engasjementet frå Framstegspartiet.
Les meir om forslaget her; http://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2012-2013/dok8-201213-093/