Arbeidet i gang på fleirbrukskaia i Tysfjord
Ein milepel i Kystskogbruket; Arbeidet på fleirbrukskaia på Drag i Tysfjord kommune i Nordland er nyleg oppstarta. Ferdigstilling er sett til 16 september 2013.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 12.03.2013
![]() |
Øksnes Entreprenør AS er no igang med arbeidet på fleirbrukskaia på Drag i Tysfjord. Foto; Skogbruksjef Per Arne Rahka (26.02.13) |
Det er ein milepel i Kystskogbruket at arbeidet med den første fleirbrukskaia for tømmer i desse dagar blir starta opp på Drag i Tysfjord kommune i Nordland.
Skogbruksjef i Nord Salten, Gjermund Laxaa dokumenterte allereie i 2008 grunnlaget for ein terminal på Drag. Han viste til eit potensielt årleg transportkvantum tømmer over kaien på Drag stigande fra ca 5 til 30 000 kubikkmeter i neste 10-årsperiode. Gjennomsnittleg transportavstand for tømmer til den nye sjøterminalen på Drag blir ca 30 kilometer og det blir mellom det lågaste i Norge.
Fleirbrukskaia blir totalt 65 meter lang, djupne 8 meter (LAT) og tilrettelagt for fleksible stablestøtter (casingrør). Dette betyr at det kan plasserast ca 2000 kubikkmeter tømmer på kaifront, det gir grunnlag for ein optimal terminallogistikk og reduserte transportkostnader.
Fleirbrukskaia kostar ca 14 millionar kroner (ekskl.mva). Landbruks-og matdepartementet har ytt eit tilskot på 4,3 millionar kroner, resten er finansiert av den private bedrifta The Quartz Corp AS (tidlegare Norwegian Crystallites), Nordland Fylkeskommune og Tysfjord kommune.
Kommunen har i samarbeid med skognæringa utarbeidd ei erklæring som skal tinglysast og som sikrar skogeigarane i Nord Salten i framtida, - både når det gjeld bruk og avgiftsnivå ved bruk av kaia.
Til slutt må vi få sei at det har vore ein svært positiv og optimistisk prosess kring denne fleirbrukskaia i Tysfjord som også blir rekna som eit pilotprosjekt.
Vi gledar oss til ferdigstilling i september !