TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Å ta i bruk skogreisinga

Å ta i bruk skogreisinga

"På sett og vis er dette å ta i bruk skogreisinga, eit arbeid som vart sett igang for å bygge landet etter krigen, ei oppbygging leia av dåverande statsminister Einar Gerhardsen" sa Stian Grøthe i Rederiforbundet under eit møte om sjøtransport av skogsvirke i Tysnes kommune i Hordaland i dag.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 10.12.2012

F.v. Stian Grøthe fra Rederiforbundet, ass.rådmann i Tysnes Steinar Dalland, ordførar i Tysnes Kjetil Hestad, prosjektsjef i Tysnes Ivar Erstad, leiar i Tysnes Skogeigarlag Åsta Midtbø og dagleg leiar Kjetil Andre Rødland i Vestskog. Foto; Helge Kårstad

Ordførar Kjetil Hestad i Tysnes kommune i Hordaland hadde invitert Rederiforbundet, Vestskog og kystskogbruket til Elsakervågen for å orientere om kommunen sitt engasjement for å legge til rette for ein betre infrastruktur både land og sjø. Tidlegare var det 30-40 kaier Tysnes, i dag sit kommunen med eigarskap til ca 10 kommunale kaier og det er behov for tøffe prioriteringar. Samtidig pågår det planlegging av ny kyststamvegtrase (E39) som uansett traseval vil passere øya
I Elsakervågen ligg ein kommunal kai som er bygd i 1970. Kaien som er i svært dårleg stand er idag stengd for all trafikk, men  kommunen vil gjerne satse denne kaien som framtidig tømmer- og fleirbruksterminal for Tysnes kommune og regionen ikring.
Rederiforbundet var møtet representert med Stian Grøthe som framheva regjeringa sitt arbeid for å meir av godstrafikken frå land til sjø. Tømmertransporten på sjø er veksande i Norge og skognæringa langs kysten har ein god måte fronta betydninga av ein effektiv sjø- og landtransportGrøthe framheva spesielt ein SINTEF- analyse som Kystskogbruket har fått utarbeidd og som peikar  dei viktigaste framtidige tømmerterminaler langs Norskekysten." sett og vis er dette å ta i bruk skogreisinga, eit arbeid som vart sett igang for å bygge landet etter krigen, ei oppbygging leia av dåverande statsminister Einar Gerhardsen", sa Grøthe og rosa kommunen for initiativet til dette møtet.

Ordførar Kjetil Hestad som også sit i det regionale næringsrådet i Hordaland fylkeskommune kommenterte på møtet at det er svært mykje hogstmoden skog på Tysnes. Likevel, transportkostnadane for tømmertransporten er på grunn av manglande kai så store at dette ikkje tolest over tid. Innsparingar opp til 40 kroner pr. kubikkmeter er realistisk ved å få etablert ein effektiv fleirbruksterminal i Elsakervågen. 
Dette dreiar seg om ein halv million kroner i 2012, pengar som skogeigar må betale og det vil auke årleg til det mangedoble om ikkje noko blir gjort. "Vi skal gjere det vi kan" sa ordførar Kjetil Hestad.