TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Skogsbilvegar tema på politisk årsmøte

Skogsbilvegar tema på politisk årsmøte

Stortingsrepresentantane Gjermund Hagesæther og Laila Reiertsen lova på Os Frp sitt årsmøte å bringe behovet for meir statleg investeringstøtte til skogsbilvegar på dagsorden

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 17.11.2012

Fremst (f.v.) Stortingsrepresentantane Laila Reiertsen og Gjermund Hagesæther
Bak (f.v) Ove Frotvedt frå FanAgro. Foto; Gustav Bahus

Årsmøtet i Os Frp vart halde 31 oktober i kommunehuset i Os.
Ove Frotvedt fra planleggingsfirmaet FanAgro orienterte om "arven" etter skogreisninga i Hordaland.  Han tok føre seg behovet for god skogsveg-planlegging og ynskje om meir statleg investeringsstøtte til bygging av skogsbilvegar for å tømmeret ut av skogen på rasjonelt vis. Han kommenterte også skogen sin suverene evne til lagring av CO2 og minna til slutt om at skogsvegar er svært populære arena for trening og friluftsliv.
Stortingsrepresentantene Gjermund Hagesæther og Laila Reiertsen lytta interessert og lova å bringe dette videre. Dei frammøtte var enige i at "skogsbilvegar" er ei god FrP-sak fordi ei satsing på betre og miljøvenleg infrastruktur i distrikta er viktig for landet.

Kystskogbruket vil utfordre representantar frå skognæringa til å orientere om ei større satsing på planlegging og utbygging av skogsbilvegar på tilsvarande politiske møter framover.
Ja det trengs eit krafttak for å realisere dei store verdiane frå skogreisinga og det må handlast no.
Vi vil trenge virke til varme og materialer til hus kvar einaste dag framover.