TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Fylkeskommunen i Hordaland vil styrkje skogsvegplanlegginga

Fylkeskommunen i Hordaland vil styrkje skogsvegplanlegginga

Hordaland Fylkeskommune har nyleg løyvd pengar til kompetanseheving for å styrkje skogsvegplanlegginga. Håkon Jordet i fylkeskommunen seier dette er viktig for å kunne imøtekoma den forventa auken i skogsvegbygginga og samtidig oppfylle tekniske, økonomiske og ikkje minst dei miljøfaglege krava som blir stilt idag.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 31.10.2012

Teknisk og miljømessig godt planlagt skogsbilveg av skogbruksjef Jørgen Hundseth i Balestrand.
Legg spesielt merke til stien som tek av frå bilvegen. Foto ; Helge Kårstad

Kystskogbruket har siste 4 åra utvikla eit system for hovudplanlegging av skogsbilvegar.
Arbeidet har vore til dels omfattande og har involvert Statens Kartverk, Skog og Landskap, fylkesmenn, fylkeskommunar, skogeigarlaga, skognæringa og ikkje minst kommunane.
Iverksetjinga av planane stiller stadig strengare krav, - både teknisk, økonomisk og miljømessig.
Fykeskommunane har eit eige program for kometanseoppbygging i landbruket og det er svært gledeleg at Hordaland fylkeskommune har sett av midlar til å styrkje skogsvegplanlegginga.
Håkon Jordet i Hordaland fylkeskommune seier Kystskogbruket gjer ein viktig jobb gjennom hovudplanarbeidet. Samtidig har skogbruket i Hordaland gjennom åra utvikla eit godt system for det utøvande, praktiske planarbeidet og dette må ha sterk fokus i det vidare.Løyvinga går primært til Hordaland men det er opna for å inkludere vegplanleggarar i Kystskogbruket.