Svært stor etterspørsel etter skogsbilvegar i Hordaland
Bønder og skogeigarar i Hordaland etterspør 6-7 ganger meir skogsvegbygging enn det blir bygd i 2012. Dette dokumenterte vegplanleggar Tormod Jakobsen i Hordaland i eit møte med leiaren i Norges Bondelag Nils T.Bjørke i Bergen i dag.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 26.10.2012
![]() |
Vegplanleggar Tormod Jakobsen (til høgre) kan dokumentere for ein svært stor etterspørsel frå skogeigarane i Hordaland etter skogsbilvegar. Til venster vegplanleggarane Ove Frotvedt og Atle Almeland i planfirmaet Fanagro. |
I 2012 blir det bygd og godkjent ca 6 km nye skogsbilvegar i Hordaland.
Vegplanleggar Oddbjørn Helland i Hordaland opplyser at ferske tal frå hovudplanarbeidet viser ein trong for ca 600 km framtidige skogsbilvegar i Hordaland neste 20 åra. Det tilseier eit årleg vegbyggingsbehov kring 30 kilometer.
Korleis er så den reelle etterspørselen etter skogsvegbygging frå skogeigarane i Hordaland pr. dags dato ?
Under eit møte i Bergen mellom organisasjonane i landbruket i dag kunne vegplanleggar Tormod Jakobsen opplyse at det no ligg søknader i kommunane i Hordaland om å byggje skogsbilvegar på til saman 40 kilometer, - med andre ord; 7 ganger større etterspørsel enn det som blir bygd i 2012.
Leiar i Norges Bondelag Nils T. Bjørke deltok i møtet og understreka kor viktig det er å byggje allianser og å fronte denne informasjonen både utad og også innad i landbruket sine eigne fora.
Hordaland har siste åra utvikla høg kompetanse på skogsvegplanlegging, - sannsynlegvis med det beste i landet. Ottar Haugen ved fylkesmannen si landbruksavdeling må saman med Vestskog BA seiast å ha mykje av æra for at fylket står betre skodd enn dei fleste til å yte moderne vegplantjenester i tråd med tekniske, økonomiske og miljømessige krav.
Kort oppsummert ;
Vi veit at skogindustrien etterpør kvalitetsvirke frå kystskogane meir enn nokon gong.
Skogeigarane i Hordaland ynskjer sterkt å byggje mykje meir skogsvegar. Planapparatet står klart og kan utføre moderne skog- og miljøfagleg god planlegging.
Den statlege investeringskapitalen ("tilskot") til skogsbilvegar kan og må raskt mangedoblast i Hordaland.