Ny skogsbilveg opna i Steigen i Nordland
Steigen kommune i Nordland godkjende Hovudplanen for skogsvegar tidleg dette året. Stokkvassveien på ca 2 kilometer er nettopp ferdig bygd og opnar for hogst av 2000 kubikkmeter tømmer denne vinteren.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 01.10.2012
![]() |
Hovudplanen viser teigdelinga og Stokkvassveien i Steigen i Nordland. Foto; Gjermund Laxaa |
Hovudplanen for skogsvegar i Steigen I Nordland vart godkjent i vår og opnar for totalt ca 15 000 kubikkmeter tømmer (gran). Vegen er ca 2 km lang og 5 grunneigarar står bak prosjektet. Skogbruksjef Gjermund Laxaa seier at vegen vart prioritert i Hovudplanen og reduserar driftsprisen for uttak av tømmer med ca 30 kroner pr. kubikkmeter. Det vart starta planting av gran i området ca kring 1930 og det er gledeleg at det allereie til vinteren skal hoggast ca 2000 kubikkmeter tømmer.
Vegen er planlagd av tidlegare vegplanleggar i Nordland Frank Grindstad.
Ein vegforening er organsiert og skal sikre vedlikehaldet av skogsbilvegen i framtida.
Vi gratulerar med eit flott skogsbilveg som er basert på ein godkjent Hovudplan !
![]() |
Motiv frå Stokkvassveien i Steigen i Nordland. Foto; Gjermund Laxaa |