TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Virkesterminaler ved sjø viktige i Agderfylka

Virkesterminaler ved sjø viktige i Agderfylka

I regi av Kystskogbruket og fylkesmannen i Vest Agder var det i går synfaring på virkesterminaler mellom Flekkefjord og Eydehamn. AT Skog og Neg Skog er dei største omsetningselskapa i regionen og seier tilgang til moderne sjøterminaler er blitt svært viktig i Agderfylka.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 21.09.2012

I revidert statsbudsjett og som del at "treforedlingspakka" vart det i år sett av 25 millionar kroner til virkesterminaler ved sjø i fylka mellom Vest Agder go Finnmark.
i regi av Kystskogbruket pågår det no arbeid for å finne fram til dei mest eigna prosjekta for finansiering på kort eller lang sikt. Statens Landbruksforvaltning har sett 1. november som frist for søknad om midlar til virkesterminaler i år.
Synfaringa i Vest Agder omfatta kommuane Flekkefjord, Kvinesdal, Lyngdal, Mandal og til slutt Arendal (Eydehamn). Sistnemde er ein "strøken" terminal som er eigd av AT Skog som ligg i Aust Agder men mykje av tømmeret fra Vest Agder går over denne kaia. 
Synfaringa konkluderte med at det i denne fasen må utgreiast nærmare vilkåra for mulege investeringar i Kvinesdal, Lyngdal og Mandal.