Vil byggje bustadhus i massivtre av sitkagran
I regi av Distriktsenteret i Sogndal og prosjektet "Fremtidens bygder" opna kommunal - og regionalminister Liv Signe Navarsete i går eit seminar på Hardbakke i Solund kommune i Sogn og Fjordane. Høgskulen i Sogndal skal spesielt sjå på utvikling av nye buformer i distrikta basert på "klyngetunet" og har engasjert arkitektfirmaet Ola Roald AS Arkitektur. I går la Roald fram planane i Solund kommune og framheva sitkagrana sine gode termiske eigenskapar i bustadhus.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 12.09.2012
I går la Ola Roald fram planane i Solund kommune og framheva sitkagrana sine gode termiske eigenskapar i bustadhus.
Heilt konkret er det planer om å bygge bustadhus på Ytrøygrend i Solund og bruk av tre blir heilt sentralt. Ola Øyen i firmaet Silvinova skal saman med arkitekt Ola Roald og bedrifta Massivlust i Sogn utvikle konseptet heilt frå botn. Dette er unikt sidan det pr. idag ikkje er bygd arkitektteikna bustadhus i massivtre i Norge.
Det er mange medspelarar i prosjektet, m.a. Innovasjon Norge som ser svært positivt på modellen.
I Fjaler kommune som ligg noko lenger inn i fjorden er det flotte hogstmodne bestand av sitkagran, - likeins eit moderne lite sagbruk som kan produsere "kortreiste" trematerialer. Ein utfordring er også her tilgang til skogsfelta pga. manglande skogsbilvegar.
Sitkagrana blir spesielt framheva som rettvakse, jamne åringar og gode termiske eigenskapar pga relativt rask vekst. Det blir venta helsemessige effektar for folk som bur i slike hus, m.a.fordi det blir lagt opp til naturleg ventilasjon. Dersom alt går etter planen skal det første huset reisast på vårparten 2013. Vi ser fram til det.