TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Optimisme i Pasvik

Optimisme i Pasvik

Skogen vart rasert under og etter krigen i Finnmark. Framsynte skogsfolk fekk opp igjen skog etter krigen. I dag kan vi sjå milevis med prima furuskog i Pasvik. Skognæringa i fylket fokuserar sterkt på tynning og lokal verdiskaping av skogsvirket.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 20.04.2016

Det er mykje skog som kan tynnast i Pasvik. F.v. Johan Bjørkgren i Pasvik Biovarme, Eirik Malterud i Pasvik Biovarme og Nils Rune Moeng i Karaskog. Med dagens tempo har vi arbeid heilt fram til 2060 seier Malterud og minner om at denne skogflata er på heile 70 000 dekar.
Foto: Helge Kårstad

Eineståande furuskog i Pasvik
Vi står i tjukkaste furuskogen i Pasvik, berre 6 mil til treriksrøysa, det er vår i lufta, kring null grader, lett snødrev, det luktar kaffi og vi møter skogsarbeidarar i full gang med tynning av furu.
Ein av desse er Erik Malterud, dagleg leiar i Pasvik Biovarme som saman med 3 tilsette driv tynning og vegvedlikehald for Finnmarkseiendommen (FeFo). Akkurat no har dei ei kontrakt på 5000 kubikkmeter tynningsvirke skal leverast innan 1. juli og Malterud har fått ekstra bistand frå entreprenørfirmaet Karaskog frå Karasjok for å få dette gjennomført i. Malterud fortel at dei tek ut ca. 35% av grunnflatesummen der utgangstettleiken er 140-150 tre pr. dekar. Alderen på skogen er ca. 60 år og boniteten er F11. Malterud legg til at skogen i Pasvik utan tvil må tynnast og vindfall har enno ikkje vore noko problem.
Når vi kjenner historien til furuskogen i Pasvik (sjå m.a. oppslag her dagsett 14.04.16) og ser resultata og den pågåande tynninga i dag blir vi imponerte. Her snakkar vi verkeleg om verdiskaping.

Må tynne fram til 2060
Området det i dag blir tynna i furuskogen er ei einsarta flate på heile 70 000 dekar. Malterud har jobba her med eit hogstlag i 4 år og til same skogsveg. Og han har rekna ut at hogstlaget hans har arbeid fram til 2060 for å få gjennomført 1. gangs tynninga i bestandet. Skogforvaltar Ole Andre Hestmo i Finnmarkseiendommen seier det slik: «Rovhogsten og brenninga av Finnmark under krigen har skapt ein spesiell skogtilstand i fylket. Men furuskogen er på full fart tilbake og belønninga av dette viktige tyningsarbeidet vil vi få om ca. 40 år. Men det er heilt avgjerande i dag at vi kan fortsetje å tynne furuskogen i Pasvik»

Sal av tynningsvirket til lokale bedrifter og Norsk Biobrensel
For å kunne tynne må det vere ein marknad for tynningsvirket.
10% av uttaket er så pass grove dimensjonar at det kan leverast til lokale bedrifter. Frå og med i år er det i samarbeid med FeFo utvikla eit ved sortiment som det er venta etterspørsel etter. Dette er virke som eignar seg godt i vedmaskiner o.l.
Men mesteparten av virket blir levert til Norsk Biobrensel sin terminal på Høybuktmoen ved Kirkenes. Dagleg leiar i Norsk Biobrensel Ole Kristian Hodnemyr fortel at dei har etablert terminalen på Høybuktmoen for å satse og bli ein framtidig kjøpar av flis i Kirkenes. Flisa som dei produserar sel dei til selskapet Bioenergy.

 
Øverst: Frå ei lokal trebedrift i Pasvik. Jan Olsen frå Skogkurs prøver benken som Erling Fjelldal (t.h) nyleg har laga. Fjelldal kan også reknast som ein tusenkunstnar. Han har utvikla og sett saman mykje av driftsutstryret og foredlar ulike bruksting av høgkvalitet Pasvik-furu. Ikkje ein spikar er nytta i benken til venstre som er laga av gammal kjernerik furu frå Pasvik.  
Nederst: Kjetil Wikan vil skape arbeidsplassar i Pasvik og har investert i sagutstyr og dreimaskiner. Til høgre lafta hundebur, - særleg godt eigna under Finnmarksløpet vil vi tru.
Alle foto: Helge Kårstad 
 

Varme av flis er i vekst
Dagleg leiar i Bioenergy Odd Egil Reinås bekrefta dette og presiserar at dei har ein langsiktig avtale (20 år) med Forsvarsbygg om å levere vassbasert oppvarming til Garnisonen i Sør-Varanger. Reinås seier dei har tilsvarande leveransar til andre forsvarsbygg i Troms og Finnmark. Og legg til at denne marknaden er aukande, og at dei i desse dagar har fleire aktuelle kjøparar av vannboren varme basert på flis andre stader i landet, det siste i Flora kommune i Sogn og Fjordane.Varme av flis er med andre ord i vekst sier Reinås.

Vil ha kompensasjon for pristap pga. fritaket for elavgift.
Nord-Troms og Finnmark er friteke for el-avgift og har såleis ein noko lågare straumpris enn resten av landet. Det er mange gode grunnar til dette. Ole Andre Hestmo i FeFo understrekar at det er svært viktig at denne ordninga blir vidareført i Finnmark. Men for flisleveransen til oppvarming av Garnisonen i Sør-Varanger føre dette til ein lågare pris også for FeFo. «Vi ynskjer ikkje å fjerne fritaket for elavgift i fylket, det må vere klart. Men vi ynskjer å få kompensert for dette pristapet for å kunne konkurrere på like vilkår» avsluttar Hestmo.

Matingsmaskin og hoggar produserar flis etter kvart som tynningsvirket kjem inn frå Pasvik til flisterminalen her på Høybuktmoen. Dagleg leiar i Norsk Biobrensel Ole Kristian Hodnemyr sier at selskapet hans har investert for å satse i Kirkenes. Via firmaet Bioenergy som leverar vannboren varme til m.a Garnisonen i Sør-Varanger er det inngått ein langsiktig avtale med Forsvarsbygg.
Foto: Helge Kårstad