TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Stokmarknes vil ha tømmerkai

Stokmarknes vil ha tømmerkai

Infrastrukturprogrammet (2015) fortel at det må tilretteleggjast for ein tømmerkai i Sortland kommune i Nordland. Hittil har det meste av tømmeret gått over kai i Stokmarknes i nabokommunen Hadsel. No planlegg Hadsel kommune ny hamn på Børøya, ca 2 mil frå Sortland, og inviterar skognæringa som part.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 24.03.2016

Hadsel kommune/ Stokmarknes 19.mars. F.v teknisk sjef Mats Andre Aas, hamnesjef Line Anette Jakobsen, kommuneplanleggar Hans Christian Haakonsen og skogbruksleiar i Allskog Finn Dahl.
I bakgrunnen Sandnes i Hadsel.
Foto; Helge Kårstad

Effektive sjøterminalar
Det er stor trong for å redusere transportkostnader for tømmer/ skogsvirke i kystskogfylka. I tillegg viser utrekningar i Infrastrukturprogrammet at eksport av tømmer frå kommunane nord for Saltfjellet er lite lønsamt. Kort transport både på veg og sjø til regional eller lokal skogindustri vil som oftast vere den beste økonomiske løysinga. Fjerning av flaskehlasar (og /eller oppskriving) for tømmertransport på det offentlege vegnettet og «mindre» effektive sjøterminaler der ein kan leggje tømmeret rett på kaifront, vil utvilsom vere ei god løysing for kommunane i Lofoten og Vesterålen.
Kaiar i Risøyhamn, Sortland og på Stokmarknes har vore nytta til utskiping av tømmer. Det er også søkt om statleg tilskot til utbygging både på Sortland og Risøyhamn. Landbruksdirektoratet har bede skognæringa i regionen om å prioritere blant desse stadene.

Hadsel kommune inviterar skognæringa
Hadsel kommune planlegg nytt hamneområde på Børøya like utanfor Stokmarknes.
Under eit møte på Stokmarknes rett før påske orienterte kommuneplanleggar Hans Christian Haakonsen om planane for ei ny hamn på Børøya. Heile området er på ca. 100 dekar og ligg pr. i dag inne i kommuneplanen. Noko er regulert, men ikkje alt. Dette er snakk om ei fleirbrukshamn for fiskeri, landbruks, container og cruise. Og skognæringa vil bli inviterte både med tanke på tilgang til tømmerkaia og lokal skogindustri.
Hamnesjef ved Hadsel Havn KF Line Anette Jakobsen viser til god erfaring med tømmerutskiping ved eksisterande kai i Stokmarknes og poenterar at sjølv turistane set pris på denne type aktivitet i hamna.

Planprogram og ressursgruppe
Også teknisk sjef Mats Andre Aas deltok på møtet. På lik linje med kommuneplanleggar Haakonsen uttrykte han m.a. at kommunepolitikarane venteleg vil be om eit planprogram for utbygging av hamna. Dette programmet vil måtte føreta prioriteringar over tid og skissere kostnads- og finansieringskalkyler. Det er også naturleg at det vil bli sett ned ei ressursgruppe av brukarar (m.a. skognæringa) som skal følgje prosessen framover. Eit møte i hamnestyret rett over påske vil også gi innspel til den kommunale prosessen for dette nye hamneområdet.

Øverst: Det er bygd mykje skogsvegar i Sortland og Hadsel, - her frå eit tidlegare møte (2014) om hovudplanar for skogsvegar. F.v. Geir Sund frå fylkesmannen i Nordland, Gjermund Pettersen som er skogbruksjef i Lofoten og Vesterålen og Jan Erik Nilsen (no Landbruksdirektoratet)
Nederst: Skogrike bestand på Sortland, ca. 1 mil frå Børøya i Hadsel. I dette området finn du driftsmessig blant det beste skogterrenget i landet.
Alle foto: Helge Kårstad