TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Bruk av trevirke står sterkt i Nordland

Bruk av trevirke står sterkt i Nordland

Infrastrukturprogrammet i Kystskogbruket konkluderar m.a. med at eksport av tømmer frå Nordland er lite lønsamt. Difor er det bra at bruk av trevirke står sterkt i fylket. Lofoten og Vesterålen er kanskje dei stadene i landet der du ser dei vakraste trehusa, trebåtane, trebryggene og dei meir moderne bryggehotella i tre. Og nye innovative miljøvenlege faktum gir grobunn for meir bruk av kortreist tømmer og trematerialar.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 21.03.2016

Øverst. Vakker busetnad, brygger og bryggehotell i Henningsvær. Bruk av trevirke står sentralt.
Nederst: Lofotkatedralen i Kabelvåg er mellom dei største trekyrkjene i landet.
Alle foto: Helge Kårstad

Det er langt frå Nordland til sentral Europa
Forrige veke var Infrastrukturprogrammet tema for skogfolk i Bodø. Utrekninga som SINTEF har føreteke viser m.a. at det knapt løner seg å eksportere skogsvirke frå regionen nord for Saltfjellet til skogindustrien sør i Europa. Gitt større nasjonal (og gjerne lokal) etterspørsel og dermed lågare transportkostnader er det rekna ut at hogsten i denne regionen kan 4-doblast fram til 2040. Men det føreset ein god del skogsvegbygging, fjerning av flaskehalsar for tømmertransporten på kommunale vegar og fornying/ opprusting av fleire tømmerkaier. Med andre ord er potensiala store og leiar i Nordland Skognæringsforum Kurt Jessen Johansson sa også på møtet i Bodø at Nordland var det største skogreisingsfylke i landet. Og frå fleire skogfolk i Nordland blei det også uttrykt forventningar om både sagbruk og meir lokal trebearbeidande industri.

Lofoten med Vesterålen sine vakre trehus og trebrygger
På nettsida har vi siste åra hatt fleire oppslag om skog og trebruk i Nordland, - alt frå baderomsplater frå Arbor i Hattfjelldal, via Bankgata i Bodø sin idrettshall i massivtre til Frikk Harald Bjerkli fra Borg i Lofoten som har bygd trebåtar av både gran og sitkagran.
Men reiser du nord gjennom Nordland og passerar Lofoten med Vesterålen opplever du også alle trehusa, trebåtane, trebryggjene og dei meir moderne bryggehotella i alle slags fargar. Ja også trekyrkjene er unike med Lofotkatedralen i Kabelvåg som kanskje ei av dei vakraste i Norge.

Fiskeria brukar også trevirke
Og nettopp Lofoten med Vesterålen som er Norges fiskehovudstad er også bruk av trevirke sentralt. Alt frå fiskehjellar, til pallar, pallekassar og tretønner kan du oppleve om du tek deg ein tur dit i dag. Nye krav til berekraft og haldbarheit har gjort at m.a. torskerogna no skal leggast i tretønner og ikkje plasttønner. Dagleg leiar Tore Ivar Johansen ved Røst Sjømat seier at tretønnene også betyr at rogna kan lagrast lenger. Dette blir bekrefta av Ken Børre Steffensen ved Gunnar Klo As på Myre i Vesterålen som viser til at svenske fabrikkar som produserar kaviar lagrar rogna i tretønnner kring 3 år og stiller stadig strengare krav om berekraft i produksjonen og miljøvenlege produkt. Klinisk ernæringsfysiolog Mari Helene Kårstad ved Høgskulen i Bergen seier at det også i Norge er stadig auka fokus på opphavet til maten (sporbarheit) og korleis den blir foredla.

 
Øverst: Ken Børre Steffensen ved firma Gunnar Klo AS på Myre i Vesterålen fortel om gode og store torskefangstar i år. Torskerogna blir lagt i ein sukker- saltlake i tretønner for leveranse til kaviarfabrikk i Sverige. Rogna blir lagra i tønnene i ca. 3 år.
Nederst: Hos Røst Sjømat på Røst i Lofoten er det stor aktivitet om dagen med salting av torsk i fiskekassar (pallekasser) som er laga av tre.
Alle foto: Helge Kårstad
 

Marknaden ligg rundt hushjørnet
På mange måtar er ringen slutta, det fornybare og miljøvenlege trevirket vil nok ofte bli føretrekt framfor meir «kunstige» råstoff i mange samanhengar.
Innovative idear kring nye arbeidsplassar byggjer alltid på både tradisjon og nytenking. Det er ofte dei reint primære behova som legg grunnlaget for dette, behov for mat og behov for varme og husly. Skogreisinga i Nordland vart som elles i kystskogfylka starta opp for å sikre betre tilgang på trevirke. Infrastrukturprogrammet viser m.a. at marknaden for skogsvirket i Nordland neppe ligg i sentral Europa. Vi er ikkje i tvil om at skogen både i Nordland og eller i kystskogfylka vil skape ny nasjonal skogindustri. For marknaden ligg bokstaveleg tala rundt hushjørnet !

Øverst: Fiskehejellar av trevirke kilometer etter kilometer i Lofoten og Vesterålen om dagen.
Nederst: Sitkagran frå Sortland kan bli fantastisk flotte og sterke bord og benkar. F.v. skogbruksleiar Finn Dahl hos Allskog og handverkar Asbjørn Høgden.
Alle foto: Helge Kårstad