TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Oppstart Fjaler Tømmerkai

Oppstart Fjaler Tømmerkai

Denne veka starta arbeidet med Kvamen Tømmerkai i Fjaler, Sogn og Fjordane. Kaien som vil ein av dei største på Vestlandet vil stå ferdig 3. kvartal 2019.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 23.02.2019

Oppstart Kvamen tømmerkai i Fjaler 20. februar 2019. F.v. anleggsleiar Cato Vikebø, gravemaskinoperatør Ivar Kalstad, entreprenør Jim Heldal, Helge Kårstad og ytterst til høgre grunneigar og investor Jostein Sylta.
Foto; Erik Hovland, Firda

I Fjaler, Sogn og fjordane skal det byggjast ny kaifront på 84 meter med baklager. Arbeidet starta denne veka. Området er eit tidlegare utfylt område av massar frå tunnelbygging. Det er konsulentfirmaet Multiconsult som har utarbeidd teikningar og på vegne av eigarane stått føre utlysing. Det er også føreteke relativt grundige undersøkelsar av grunntilhøva, grunnboringar m.m.
Entreprenørfirmaet Jim Heldal frå Hordaland er hovudentreprenør. Arbeidet er venta å vere ferdig seinast 1. desember 2019.
Eigar er Vestskog SA og Reen Holding v/ Jostein Sylta som bur i Fjaler. Prosjektet har totalt fått 23 millioner kroner i statstilskot (2017 og 2018), og dette utgjer noko i overkant av 70% av totale kostnader.

Øverst; Kvamen tømmerkai sett frå fylkesvegen. Utfyllinga er massar frå tunnellbygging. 
Nederste bilder; Store maskiner vart onsdag 20. februar frakta med ferge frå Mongstad i Hordaland til Fjaler. Anlegget med ny kaifront på 85 meter vil stå ferdig 4. kvartal 2019 eller seinast 1. desember.
Foto: Helge Kårstad


Eit av dei skogrikaste områda
Denne tømmerkaien ligg i eit av dei skogrikaste områda på Vestlandet, og det er venta at årleg utskipingskvantum kan overstige 100 000 kubikkmeter innan 2040. Kaien sitt dekningsområde er kommunene Hyllestad, Fjaler, Askvoll og Gaular.

Les forside oppslag i avisa Firda her

Les oppslag side 2 og 3 i avisa Firda her