TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Vi vil prøve rydde mest mogeleg opp etter "Dagmar"

Vi vil prøve rydde mest mogeleg opp etter "Dagmar"

"Vi må prøve snu kvar krone for mest mogeleg å rydde opp etter orkanen Dagmar" sa Håkon Eliassen i Allskog ("skogeiere nordafjells") på ei svært interessant skogsamling i Vestnes i Møre og Romsdal 23-24 mai.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 27.05.2012


Fylkemannen i Møre og Romsdal stod som arrangør av ei samling for skogfolk  Vestnes i Møre og Romsdal forrige veke. Hovudtema var skogsvegbygging, driftsteknikk med mykje fokus på oppryddinga etter orkanen Dagmar.
Som kjent vart Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal hardt råka av orkanen og det vart tilsaman stilt 15 millionar statlege kroner til rådigheit for å få fram skogsvirket. Handtering av retninglinjer for bruk av desse pengane vart diskuterte, både i samband med hogst, framdrift av tømmeret og vegbygging.
Forsamlinga konkluderte m.a med at desse statlege kronene ikkje må bli nokon sovepute for å forsikre skogen, og som Håkon Eliassen fra Allskog sa; "Vi må prøve å snu kvar einaste statlege krone for mest mogeleg å rydde opp etter Dagmar"  Eliassen rosa samtidig driftsapparatet som gjer ein formidabel jobb og viste m.a. til entreprenøren Petter Ingdal som for tida høgg vindfelt skog i Vestnes på ordinære vilkår og utan ei einaste krone i tilskot.
Skogbruksjef Svein Arne Nesje i Vestnes synte forsamlinga resultatet av 10 års vellukka planarbeid; ein solid bygd skogsveg ved Tresfjorden som har bidrege til effektiv skogsdrift både før og etter orkanen.
Reultata av Dagmar er ofte deprimerande å oppleve, men det var ei svært så positiv og framtidsretta forsamling i Vestnes. Og som den unge entreprenøren Petter Ingdal sa; "Det må ei stor haldningendring til i mange bygder for denne viktige skognæringa"

Ja når maisola glitra i romsdalsalpane "kan han ingen stad venare sjå "