Skogsvegplanleggarar sentrale i vindfallområde
Vindfallhogstar er i full gang både i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Mange stader manglar vegar og standplasser og vegplanleggaraen blir svært sentral.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 03.05.2012
![]() |
Vegplanleggjarane Ove Frotvedt, Atle Almeland og Tormod Jakobsen frå Hordaland skal planleggje skogsvegar i vindfallområder i Sogn og Fjordane. Foto Helge Kårstad |
I samband med vindfallhogstane må vegar tilretteleggjast. Det er ei kjent sak at det for få dyktige skogsvegplanleggjarar i skogfylka langs kysten og det er difor i samband med oppryddinga etter orkanen Dagmar innleia eit samarbeid mellom fylka.
Som del av samarbeidet i Kystskogbruket er det frå Hordaland si side stilt til disposisjon dei beste vegplanleggjarane. Dette er svært effektivt ved at desse kan gå rett inn i jobbane som stadig hastar.
I desse dagar blir m.a. eit større vegprosjekt i Huksdalen i Leikanger vurdert igangsett. Det er kring 8000 kubikkmeter vindfelt virke som skal hoggast og utan vegbygging er det ikkje muleg å få fram virket. Oppretting av ein flaskehals på den kommunale vegen kan bidra stort ved at vogntog kan hente virket, - i dag er det kun passasje for bil uten hengar. Utfordringane står i kø og viser i fullt mon at manglande vegbygging i mange år er eit stort hinder for rask reaksjon ved vindfall.
Erfaringar frå orkanen Dagmar bør kome framtida til nytte, - seier mange i skognæringa i dag.