TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/"Spikaren sit skikkeleg fast"

"Spikaren sit skikkeleg fast"

Trevirke av sitka- og lutsigran har unike eigenskapar til m.a. båtbygging. Det seier Frikk Harald Bjerkli fra Borg i Lofoten som har bygd ei rekkje trebåtar (spissbåtar) og er også mannen som har vore sentral i oppbygging av einaste kopien av Gokstadskipet i Norge.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 03.05.2012

 Frikk Harald Bjerkli står her ved ein "spissa" lettbåt i vanleg norsk gran fra Lofoten.
 Det er best å byggje båtar av lokalt virke seier Bjerkli.
 Foto; Helge Kårstad

Trevirket til sitkagran og lutsigran er sværande godt til båtbygging slår Frikk Harald Bjerkli i Borg i Lofoten fast.  Han har bygd mange båtar av lokalt virke og nemner spesielt sitkabåten på 14 fot som berre veg 56 kilo, ein tilsvarande båt i furu vil vege kring 100 kilo. Det spesielle med sitkagran og lutsigrana er at spikaren er lett å slå inn og den sit tilsvarande svært godt. Virket er lett, svært tøyeleg men samtidig sterkt. Bjerkli vil også skryte litt av den vanlege grana som har vakse i Lofoten, - eit sværande godt virke til m.a. båtbygging seier han, - sjå foto over.
For nokre år sidan var Bjerkli sentral i oppbygginga av ein kopi av Gokstadskipet, - bygd av furu fra Østlandet og eik frå Danmark og Sørlandet. På Borg i Lofoten er følgjeleg idag stor kompetanse på båtbygging og treslagsval, sjå også http://www.nrk.no/nordland/fylkesleksikon/index.php/Frikk_Harald_Bjerkli_%E2%80%93_bonden_som_avdekket_vikingtuftene