Granvirke frå Fauske i Nordland gir beste kvalitet
Ørjan Alm i Allskog får tilbakemeldingar frå sagbruket Moelven Van Severen i Namsos at granvirket frå pågåande hogst i Fauske i Nordland er mellom det beste i marknaden. Liten avsmaling, knapt noko råte og jamn god kvalitet er eigenskapar sagbruket set pris på.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 24.03.2012
Fylkesmannen i Nordland avslutta samlinga 21- 22 mars med utferd til kommunane Fauske og Sørfold. Under ei befaring i Røvik vest for Fauske (jfr. bildet over) kunne deltakarane få sjå ei pågåande skogsdrift i regi av Allskog. Skogbruksleder Ørjan Alm orienterte om gode tilbakemeldingar fra sagbruket som kjøper tømmeret, i dette tilfelle Moelven Van Severen i Namsos. Det er ei klar oppfatning at granvirket frå slike tidlegare skogreisingsområder har svært gode eigenskapar; liten avsmaling, knapt råte og forøvrig jamn god kvalitet. Fylkesskogmester Gjermund Pettersen kunne i tillegg dokumentere rekord og dobling av granhogsten nord for Saltfjellet dei siste 3 åra.
Elkem Salten Verk i Sørfold ligg ein times køyring nordover fra Fauske og er storforbrukarar av flis.
Deltakarane fekk der ei svært intererssant omvisning og vidare informasjon om at god og sikker leveranse av flis er avgjerande for kvalitet og utbyte av metallet (Silisium). Forbruket er i dag kring
50 000 kubikkmeter (gran og furu) og vil auke til kring 90 000 kubikkmeter innan eit par år. Norsk Biobrensel er leverandør i dag og hentar stadig meir av virket frå nærområdet. Såvel Elkem Salten som kommune og fylke jobbar for å leggje tilhøva tilrette for lokalt råstoff og skogsvegbygging er heilt sentral også her. Nærings-og skogbruksjef Gerd Bente Jakobsen i Sørfold kommune seier at det er satsa stort på skogplanting (kring 40 000 dekar) men skogsvegmangelen er prekær.
Elkem Salten Verk har djupvasskai av høg kvalitet og kan saman med Fauske vere aktuell som framtidig virkesterminal i regionen.